Kommentar

Har Elon Musk drept meg?

Vi visste at Trump-administrasjonen var villige til å gå over lik for å stoppe migrasjon, no visar det seg at det ikkje er nok. Ein rapport i The Daily Beast fortel om korleis ein tilsett i IT-avdelinga på Social Security Administration vart drege frå pulten sin, etter at han protesterte mot å liste tusenvis av migrantar som døde, når dei ikkje var døde. Administrasjonen skulle finne opp lik, ikkje berre lage dei.

Elon Musk. Foto: Photo Agency / Shutterstock.com

Når ein flyttar ein person over på lista over døde personar, vil personen miste tilgang til alle finanstenester, enten det er tilskot frå staten eller tilgang til eins eige bankkonto. Amerikanarar som har vore feilaktig utsett for dette før, skildrar prosessen for å bevise at dei faktisk lever som lang og slitsam. Department of Government Efficiency, DOGE, hadde kokt saman strategien med å flytte lovlege immigrantar over på lista slik at menneska det gjaldt skulle velje å «sjølvdeportere» seg.

Når eg først leste saken, vart eg sint fordi ein ikkje skal kødde med offentlege data. Eg er særskilt interessert i forvaltningshistorie. Når ein statleg organisasjon skriv ned informasjon om innbyggjarane sine skaper dei samstundes rettsleg dokumentasjon. Sjølve nedskrivinga er ei juridisk handling. Eg har fleire vener som har jobba heile sitt vaksne liv med å hjelpe skjøre statar i Asia og Afrika med å lage gode register over befolkninga si, sånn at dei kan styre betre og gje betre tenester. Så kjem Trump-administrasjonen og aktivt saboterar sitt eige, skjøre system for å halde oversyn med dei som bur i USA.

Sjølv før Trump-administrasjonen mangla USA eit godt system for å halde oversyn med befolkninga i landet. Dei har til dømes ikkje noko folkeregister. Delstatane held oversyn over kven som har køyrekort, men dei vet ikkje når ein person flyttar frå ein delstat til ein annan. Ikkje snakkar køyrekortregistera saman heller.

MAGA-folk, både her heime og i USA påstod at Trump ikkje tråkka på rettane til nokon dei første vekene etter han vart innsett i sin andre presidentperiode. Påfunnet med å «drepe» folk på papiret, sjølv om dei lever i beste velgåande, er ein svært effektiv måte å ta fra folk alle rettane sine. 

Etter eit par minutt slog det meg. Har EG blitt registrert som død i USA? Eg sto i det registeret over folk som har immigrert til USA. Det er nokon år sidan eg «sjølvdeporterte» som nytala no kallar det. Kjem eg til å bli stoppa på grensa for at eg gjer meg ut for å vere nokon amerikanske styresmakter har definert som død?

Mest lest

Arrangementer

25 apr