Magasin

Draumen om ansvarsfridom

Mange av Trump sine veljarar kjenner seg svikta og urolege no. Han skulle jo fikse opp i alt som var gale, men prisen på egg stiger framleis og føderalt tilsette som har fått sparken var ikkje klar over at dei var sumpen som skulle dreneras vekk. Berre her ser vi to av viktige problem med styreforma «omfamne Den sterke mannen».

Draum 1: Eg blir verna

Den sterke mannen er avhengig av misnøye. På vegen opp fyrer Den sterke mannen opp under misnøye og sår splid som skapar avmaktskjensler og sinne. Dei skal helst være sterke desse kjenslene, for då kan Den sterke mannen lettare skape ein klar forståing om kor urettvis verda er. Og Han skal sjølvsagt hjelpe deg med å rydde opp i problemet. Han skal ta vare på deg. Han skal verne deg mot uretten.

Ein av metodane Den sterke mannen brukar å skape denne kjensla er å peike ut ei gruppe menneske som syndebukkar. Det er deira skyld! Den store mannen har sjølvsagt ikkje noko ansvar for korleis verda har blitt.

I Trumps tilfelle er det demokratane, aktivistar for radikal kjønnsideologi og radikal sosial rettferdsideologi og til sist, men ikkje minst, det er innvandrarane sin feil. Dei er ikkje som oss, og dei trugar våre verdiar og vårt levesett. Han byggjer på idéen om nasjonen, som allereie er bygd inn i hovuda våre. Vi er eit folk, vi har ein kultur, vi er ikkje som dei andre.

Innvandrarane er populære syndebukkar for Den sterke mannen her i Europa òg. Sjølv her heime i Norge får innvandrarar stadig ansvar for hendingar og trendar som er langt utanfor kontrollsfæra til vanlege folk som jobbar hardt for å bygge seg eit godt liv, som alle oss andre i Norge.

Veljarane til Den sterke mannen gløymer, kvar einaste gong, å førestelle seg at dei nokon gong kan hamne i syndebukkgruppa. Dei gløymer at sjølv om dei har lojalitet til Den sterke mannen, så har Den sterke mannen berre lojalitet til seg sjølv.

Dei har ein parasosial relasjon til Den sterke mannen. Ein parasosial relasjon er ein einvegsrelasjon ein kan ha med ein kjendis. Kjendisen gjer deg litt innsyn i si private sfære, får deg til å kjenne deg som ein nær venn, som om dykk er på same lag. Det kjennest som om det er gjensidig, men det er det jo ikkje. Kjendisen veit ikkje meir om deg enn dei treng for å oppretthalde den parasosiale relasjonen som dei drar nytte av på ulike vis. Den sterke mannen er god på parasosiale relasjonar.

Då er det et sjokk når Den sterke mannen gjer noko som skadar deg, for dykk var jo på same lag! Han var jo din venn! Likevel står ein der utan jobb og må betale rundt fem dollar for ei pakke med egg.

Veljarane gløymer alltid at det viktigaste ein må gjere er å førestelle seg korleis det er å vere på botnen av det sosiale hierarkiet når ein shoppar rundt for politiske alternativ. Vi føresteller oss alltid at vi skal leve på toppen av det sosiale hierarkiet i det politiske systemet vi røyster på, men ein skal berre røyste på politiske alternativ der ein kan ha eit godt liv, sjølv om ein er på botn av hierarkiet.

Ein veit aldri når ein kan hamne på botn, spesielt ikkje når ein røystar på Den sterke mannen.

Draum 2: Eg definerar verkelegheita

Grunnlaget for den noverande suksessen for dei liberale demokratia i vesten kjem frå opplysningstida. Vi har etablert institusjonar, verdiar og reglar for korleis vi som samfunn blir einige om kva verkelegheita er for noko. Jonathan Rauch kallar denne samanføyinga av institusjonar, verdiar og regler for kunnskapens grunnlov.

Rauch skildrar samanføyninga i boka Constitution of Knowledge. Først grip han tak i Hayek sin metafor om ideanes marknadsplass. Så skriv han at ideane på marknadsplassen ikkje snakkar direkte til kvarandre, og det gjer heller ikkje individa som deltek i samtalen. «Samtalane er medierte gjennom institusjonar som tidsskrift, avisar og sosiale nettverksplattformar. Dei byggjer på eit tett nettverk av normar og regler, som sannferdigheit og faktasjekking, og dei er avhengige av ekspertkompetanse som fagfeller og redaktørar. Heile systemet viker på ein grunnmur av verdiar; ein delt forståing av at det er riktige og gale måtar å produsere kunnskap på. Dei verdiane, reglene og institusjonaren gjer for kunnskap, det gjer den amerikanske grunnloven for politikk: Dei lagar ein styringsstruktur som tvingar sosial konkurranse over på fredlege og produktive vegar.»

Kunnskapens grunnlov har vore under angrep dei siste 20 åra. Ingen av åtaka har vore meir effektive og omfattande enn dei som kjem frå Donald Trump og MAGA-verda. I god fascistisk tradisjon har myter og «alternative fakta» vore viktigare enn kunnskap og sanning. Ein av dei viktigaste mytane er myta Trump har bygd om seg sjølv. I følgje han sjølv er han ein god kjøpslåar, eller dealmaker. Og når den bøllete og kaotiske framferda hans skapar situasjonar der han går tilbake på trugsmål og løfter, forsvarar MAGA-verda kuvendinga med at det var strategien hans heile vegen. Vi kan jo ikkje forstå strategien til Den store kjøpslagaren.

Ein kompilasjon av mytebygginga til Trump frå Washington Post.

Joda, vi forstår strategien hans. Både myten og kaoset har eit formål. Det gjer at alle rundt sitt igjen med forvirring og frykt. Kva skjer? Korfor gjer han som han gjer? Korleis skal vi velje å forhalde oss til det som skjer? Dersom ein lyg ofte nok og lenge no, etablerer ein ein verkelegheit der folk gjer opp. Sanninga er ikkje lenger noko mål, fordi ho spelar inga rolle likevel. Dette er den postfaktuelle samtida. Putin veit dette, og Trump veit dette. Det er ein del av strategien til Den sterke mannen.

Trump prøver å ikkje forhalde seg til verkelegheita i MAGA-bobla si. Inne i bobla er han suveren, alle dansar etter pipa hans. Han er den sterke mannen. Men MAGA-verda har ei grense. Det er der den verkelegheita resten av oss bur i begynner, og i den verkelegheita har Trump ein avgrensa politisk kapital. Han har brukt mykje av den kapitalen dei første vekene av den andre presidentperioden sin. 

Det er ikkje så lett for oss her heime i Norge å sjå, men om ein følgjer amerikanske medier veit ein at Trump-administrasjonen har rundt 125 søksmål mot seg etter berre åtte veker som president.1,2 

Aksjemarknadene, som Trump sjølv ser på som ein viktig målestokk på kvaliteten på presidentskapet sitt, stupar om dagen. Det betyr at Oljefondet har tapt 1300 milliardar kroner på Trump sin kaotiske økonomiske politikk. På papiret altså, alle veit at Oljefondet og smarte småspararar investerer på lang sikt, fordi aksjemarknaden går opp og ned, og ein sel ikkje aksjane sine når marknaden går ned. Andre økonomiske indikatorar går nedover òg, men det kan du lese meir om på Substacken til Snoen.

Veljarane likar heller ikkje det dei ser. Anerkjenningstala hans er på veg ned. Om ein samanliknar med Joe Biden på same tidspunkt i sin presidentperiode ligg Trump under på anerkjenning og over på uvilje. Oppseiinga av tilsette i den føderale administrasjonen og prisen på egg rammar lokalsamfunn over heile landet. Det er den nye verkelegheita til veljarane som trudde på myten om at Trump skulle ta vare på dei no. Republikanerane kjem til å betale for det ved neste mellomval.

Foto: John Ruberry / Shutterstock.com

Myta om den store kjøpslagaren som bankar motstandarane sine gjennom å tvinge fram avtalar som gjer at dei må betale og amerikanerane vinn, vil berre vere fornuftig dersom ein ikkje skal ha eit langsiktig relasjon til den andre parten. Politikk handlar alltid om langsiktige relasjonar.

Dessutan veit ein som kjenner til heilt grunnleggjande økonomisk teori at begge partar må få noko ut av ein handel, alt anna er utpressing. Og det er akkurat det Trump driv med, utpressing. Han likar ikkje kva Zelenskyj seier til han? Då stoppar han våpensendingane og etteretningsdelinga. Det har kosta hundrevis av liv i Ukraina. Om Trump hadde gått rett på å byggje ein god relasjon, hadde han fått til den same avtalen, men utan dødsfalla. Han klarte ikkje å la vere å fremme si eiga myte, men det har kosta menneskeliv, mange menneskeliv.

Draum 3: Det store vi

Dei amerikanske veljarane har følgt det same mønsteret i heile det 21. hundreåret. Kvart einaste val har dei røysta på noko anna. Sidan Trump vart valt som president i 2016, har dei og følgt det mønsteret i presidentvalet. I 2020 ville veljarane ha noko anna. Det var òg sånn Trump fekk ein presidentperiode til. Når veljarane er så frustrerte over dei politiske alternativa er det lett å selje inn ein draum om ein samla nasjon. Dei er modne for det høgreradikale prosjektet. Make America Great Again.

Det ligger ein lovnad i MAGA om eit samfunn som er samla bak ein visjon om eit samfunn som er godt å leve i. Eit samfunn med samhold og samarbeid. Problemet er at strategien til dei høgreradikale ikkje handlar om eit fellesskap, det handlar om den sterkastes rett, om dei og oss, og om vilkårleg bruk av vold og makt for å bygge den nasjonale identiteten.

Uansett kor mykje nokre amerikanske veljarar higar etter Den sterke mannen som kan rydde opp og få det amerikanske nasjonsprosjektet tilbake på skinnene, så vil amerikansk autoritarianisme være høgreradikal. Og i eit høgreradikalt samfunn isolerer Den sterke mannen enkeltmennesket. Ein blir ståande aleine, eller så må ein gje opp sin eigen handlekraft og integritet for å høyre med i fellesskapet. Ein gjer frå seg ansvaret berre gjennom å gje opp seg sjølv. Prisen for fellesskap og ansvarsfridom er stor.

Prisen av fridom

Eg trur vi alle har vore i ein situasjon i livet, der vi har hatt lyst til å gje opp. Verda har vorte så komplisert og framand at det er vanskeleg å sjå kor ein skal begynne. Det er i ein sånn situasjon at det er lett å draume om at nokon annan kan ta ansvaret for livet eins. Ein slags foreldrefigur som kjem inn, ryddar opp i kaoset og gjer klare instruksjonar om kva ein skal gjere for å gjere verda god igjen. Vi har alle hatt augeblikk kor vi har hatt ein draum om ansvarsfridom. Ansvarsfridomen er motsettinga til fridom.

Her er vi i kjernen av det liberale paradokset. Kvar og ein av oss må sjølv ta ansvar, både for oss sjølv og for det fellesskapet vi er ein del av. Kvar dag må vi gå ut i verda og bygge den verda og det fellesskapet vi har. Det er prisen av fridom.

I den amerikanske fridomsrørsla finst det to distinkte fløyer, den antiautoritære og den som trur på den sterkastes rett. Folk som har forlese seg på Rand og Hoppe trur på den sterkastes rett. Dei ser ned på svakheit og gløymer at dei, like fort som alle andre, kan ende opp med den kortaste pinnen. Eg har sett når desse menneska fell og det er ikkje vakkert. Dei kan ikkje støtte seg på omgivinga si og dei kan ikkje be om hjelp. Då må dei innrømme for seg sjølv at heller ikkje dei var Howard Roark.

Kristine Løwe,  som var aktiv i rørsla på 1990-talet, fortalte om ein mann som ba Nathaniel Branden om råd. Branden var ein psykolog, og gjennom mange år var han elskaren til Ayn Rand. Mannen kom til Branden og spurte kva han skulle gjere for å finne sin Dagny Taggart. Ingen kvinner han møtte kunne måle seg mot idealet som Rand hadde måla opp. Branden hadde visstnok svart «Kva får deg til å tru at du er Howard Roark?»

Målet til Brandon var ikkje å få mannen til å føle seg liten og uverdig, men å få mannen til å ha sjølvinnsikt nok til å akseptere sine eigne svakheitar. På den måten kan mannen bli i stand til å sjå andre menneske som heile individer med styrkar og svakheitar,. Å sjå dei som menneske som heile tiden kjempar med seg sjølv for å vere eit heilstøpt menneske som kan lite på seg sjølv, og som andre kan lite på.

Når vi aksepterer fridom som det viktigaste idealet i samfunnet, aksepterer vi òg ansvaret for at vi må jobbe med oss sjølv. Vi må jobbe med fellesskapa våre. Vi må kvar dag byggje det samfunnet vi ønsker å leve i. Den delen av fridomsrørsla som trur på den sterkastes rett har gått i tankefella som Rawls åtvara oss mot. Dei trur dei sjølv kjem til å vere på toppen av det sosiale hierarkiet, og draumar om å bli Den sterke mannen. Den antiautoritære fløya veit at det ikkje er mogleg å ville ha fridom, samstundes som ein har denne forakten for svakheit. Draumen om Den sterke mannen er det same som draumen om ansvarsfridom, og prisen er å gje opp seg sjølv som individ.

Det er prisen av fridom. Nokon vil kanskje synest at prisen er høg, men prisen av alternativet er høgare.

Mest lest

Arrangementer

  • Ingen arrangementer