Kommentar

Fastlege med ADHD-fordommar

Fastlege Tor Kristian Gaard nektar å skrive ut ADHD-medisinar dersom pasienten ikkje har fått satt diagnosen i den offentlege helsetenesta. Han trur heller ikkje at det er reelt at så mange burde få diagnosen. Han bruker ordet tru. Ein kan lure på om medisin ikkje er kunnskapsbasert lenger, men det er ikkje ukjent at legestanden òg er full av fordommar og stereotyper om ADHD.

Eg fekk diagnosen som voksen, då eg var i siste semesteret på masteren min på det mest prestisjetunge journalistikkprogrammet i USA. Dei har mistenkt at eg har det sidan eg var barn, men det var altså ingen helsepersonalet som spekulerte på dette mens eg var barn, som tok initiativ til å utgreie det då eg var barn. Sjukdomsbyrda har vore tung. Veldig tung.

Foto: Andrii Yalanskyi

For eksempel har folk med ADHD vore ein betydeleg del av dei som får behandling for rusavhengigheit. No som livsløpsstudiane på ADHD har «blitt vaksne» saman med dei barna som studiane har følgd, veit vi at dei som har fått behandling for ADHD frå barndommen av, ikkje havnar i rusavhengigheit. ADHD-behandling som barn er ein indikator på at dei ikkje blir rusavhengige. Det er sånn kunnskap som dette som gjer at dei fleste som får diagnosen går igjennom ein fase kor dei må jobbe seg gjennom sorga over alt som kunne ha vore annleis om ein berre hadde visst. Det kan ta fleire år.

Dei vaksne som får diagnosen no, er folk som meg. Vi har vore inn og ut av PPT og psykiske helsetenester i mange omgangar. Vi har slitt på skolen, vi har slitt sosialt, vi slitt psykisk og vi har slitt økonomisk. Når diagnosen endeleg kjem, så får ein tilbod om medisinar og det er først i dei seinare åra at ein får tilbod om rettleiing. Det ein ikkje får tilbod om er psykisk oppfølging for å få hjelp med å rydde opp i sjølvtillit og relasjonsproblem som kjem av utviklingsforstyrringa. Grunnen til at ein ikkje får det er at det offentlege psykiske helse ikkje har kapasitet.

NRK har hatt mange saker om ADHD og det offentlege helsevesenet. I ein av sakene er Gunnar Schaefer frå Stavanger DPS tydeleg på at det er mange som aldri blir utreda fordi dei DPS ikkje har kapasitet. Og her er eit av problema med Gaard sin manglande tru. Om ein ikkje får moglegheita til å bli utreda i det offentlege, skal ein da bare leve med sjukdomsbyrda si? Eller er det betre å få hjelp og komme seg vidare i livet. Vaksne med ADHD har tapt nok til og gått på nok nederlag på grunn av dei ikkje har fått vite korfor og korleis dei er annleis frå andre.

Det som skjer no, over heile verda, er at vaksne får diagnosen. Aukinga i diagnosar er altså knytta til at legestanden ryddar opp i gamle unnlatingssynder. ADHD var jo noko ein veks av seg heit det jo før. Og så viste det seg at sånn var det ikkje likevel. ADHD er ein del av det normale nevrologiske utviklingsmangfaldet vet vi no. Saman med autisme og læringsvanskar som dysleksi, er ADHD ein del av menneska sitt nevrologiske mangfald. Akkurat no har vi laga eit samfunn som er lagt til rette for ein spesifikk del av dette mangfaldet, og det gjer at vi andre må ha litt hjelp og tilrettelegging for å fungere slik samfunnet forventar.

Medisinar er den billigaste av desse tilretteleggingane, fordi dei andre krev folk. Folk er dyrt, og vi har ikkje så mange av dei. Gaard si haldning til ADHD og medisinering er altså òg ein form for sosialt snobberi. Han vil ikkje gje pasientane sine tilgang til den billigaste løysinga.

Om Gard hadde brukt mindre tid på å ikkje tru på ADHD, og i staden hadde satt seg inn i forskinga, hadde han visst at Helsenorge sitt anslag om at rundt fem prosent av befolkninga har ADHD er lavt. Dei internasjonale anslaga er at mellom åtte og ti prosent har ADHD og EU legg anslaget på rundt 11 prosent. Nyare forsking sett talet så høgt som 16 prosent. Det er kunnskapseksplosjonen vi har hatt på nevrologi generelt og nevrologisk mangfald som er ein årsakane til at diagnosane går opp.

Eg synest det er modig av Gard at han står fram med uvitskapen sin og fordommane sine i eit oppslag i NRK. Det gjer at vi kan snakke om ADHD-fordommar og dele kunnskapen vi har. Ein stad ein kan begynne, om ein er interessert i lære meir er boka ADHD – 7 veier til ny forståelse av den norske legen Kristin Leer. Då er det kanskje lettare å kjenne igjen dei interessante, livsglade ADHD-folka du har rundt deg, for dei er overalt og dei er skikkeleg kule på grunn av at hjernen deira er litt annleis. Når sjukdomsbyrden er under kontroll, har dei fleste av dei utroleg mykje å by på.

Mest lest

Arrangementer

  • Ingen arrangementer