Russland si krigføring i Ukraina er i ferd med å kome til ein slutt, sjølv om vi ikkje heilt veit korleis den kjem til å sjå ut. Det er fleire grunnar til at eg kan kome med ein slik bastant påstand, og den viktigaste er at dei demokratiske donorlanda er i ferd med å gå lei av krigen. Dessuten er Trump på veg inn på Det ovale kontoret igjen og han har lova at han ikkje treng meir enn 24-timar for å stoppe krigen, kva no det betyr.
Målet for dei landa som støttar Ukraina og alle oss som har lagt ned tid og pengar i å støtte deira sak, bør vere å sjå til at Ukraina har den sterkaste posisjonen når Trump og dei vestlege regjeringane tvingar fram samtalar med Russland.
Vår tids Chamberlains
Politico EU delte ut sine tvetydige Politico-priser for 2024 nyleg, og den tyske forbundskansleren Olaf Scholz fekk æra av å vere mottakar av The Neville Chamberlain-prisen for fredsskaping. Støre-regjeringa med Jonas Gahr Støre og Espen Barth Eide må ha vore blant dei nominerte.
Det er så trist, for eg likar eigentleg Jonas Gahr Støre, eg veit han er god på utanrikspolitikk, men no er han statsminister og alle dei kvalitetane som gjer han til ein god utanriksminister gjer at han ikkje klarer å få fram kva regjeringa vil eller har fått til. Eg kjem heller ikkje til å tilgje han for rusreformen, men det er ei anna sak for ein annan gong.
Samstundes har vi altså Espen Barth Eide, som har klart å stå i fronten for ei radikalisering av den ellers så pragmatiske tilnærminga til utanrikspolitikk som Norge tradisjonelt har hatt, spesielt med tanke på krigen i Midtausten. Med stort alvar har han leia Norge inn i ein verdidreven tilnærming, som har gjort at alle dei skjøre banda som var igjen frå Oslo-avtalane har vorte kutta tvert av ein religionsnasjonalistisk israelsk regjering.
Nansen-programmet
Norge har vore med på å gjere gode politiske grep for Ukraina med Nansen-programmet. Dei har fått internasjonalt skryt for å tenkje langsiktig om finansiering av krigen og gjenoppbygginga av Ukraina. Samstundes har regjeringa hatt ein rar budsjettilnærming der dei har brukt dei mest konservative tala for forventa inflasjon, og så kome i etterkant med påfyll gjennom revidert budsjett og eit par andre “kreative” finansieringstiltak. Det har dei òg gjort med Nansen-prosessen.
På den eine sida har dei laga ein skalerbar ramme for årlege donasjonar til Ukraina gjennom Nansen-programmet, og på den andre sida legg dei fram statsbudsjett som berre inkluderar det lågaste talet i budsjettramma. Det blei jo bråk denne hausten. Både Venstre og Høgre var på regjeringa som klegg. Det var fortent, kva har ein regjering som er for .
Heile den vestlege verda har sett i gang ein lang og seig prosess med å auke produksjonskapasiteten på forsvarsmateriell. Regjeringa har fått gjentatt kritikk for at det for seint her heime òg. Ukraina har auka mykje meir enn dei fleste (surprise!), men produksjonsanlegga deira har daukapasitetet, fordi dei ikkje har nok pengar. Ein skulle tru at dette var AKKURAT kva Nansen-programmet skulle vere med på å finansiere, sidan det skulle vere ein langsiktig og fleksibel finansieringskjelde for Ukraina. Eit måltal for kor mykje pengar statsbudsjettet burde ha budsjettert for burde ha vore å finansiere produksjonsgapet i den ukrainske forsvarsindustrien no. Talet er innanfor den årlege ramma som ligg i Nansen-programmet.
Norge er ei sinke
Men la oss vere ærlege. På tross av påstander frå Støre som at “Vi ønsker å vere tydelege og leiande i støtta for til Ukraina sin motstandskamp”, så er vi ikkje det. Nansen-planen til tross. Eg skal ikkje ta for meg argumentet om at Norge har tent så mykje på sal av gass til EU-området etter at EU la om energiinnkjøpa for å bli meir uavhengige frå russisk energiforsyning. Vi er ikkje tydelege og leiande, vi er ikkje ein gong i topp 10 i økonomisk støtte samanlikna med GPD. Sjølv ikkje Ap trur Støre, når han kjem med denne utsegna. Vi har òg vore konservative med å gje militær støtte, og latt dei store landa utan felles grense mot Russland leie vegen. Det er historiske orsakar til det, men vi har eit nordisk felleskap med Finland og dei baltiske statane som vi kan lene oss på i samanhangen. Dei har klart å ha ein tydelegare profil mot Russland, mens vi har sleppe til russiske fiskefartøy og diverse anna som har laga hol i dei sanksjonane resten av den liberale demokratiske verda har påført Russland.
Og det er kanskje den store frykta mi, at Ukraina ikkje skal ha ein sterk forhandlingsposisjon fordi Norge vakla på økonomisk og politisk støtte, kvelden før fredssamtaler blir tvinga fram. Og at ukrainar generelt og dei ukrainske liberalarene spesielt skal stå med lua i handa ved det forhandlingsbordet. Det er ei bølle her, og det er Russland. Om Ukraina ikkje går inn som den sterkaste i dei forhandlingane, er det første gang samanhaldet til verdas demokrati har tapt ein krig mot autoktrati i den moderne tida. Det derfor vi alle, inkludert Norge som nasjon, tapar om Ukraina tapar denne krigen. Eg forstår IKKJE korfor Norge, Tyskland og USA har vika frå ei styrkeframvising.
Private initiativ
Dei meir radikale liberalarane argumenterar ofte med at private bidrag kan erstatte dei offentlege. Det er ein besnærande tanke, og sjølv om viktige folkehelseinitiativ i Norge vart stifta og finansiert av det offentlege i det første hundreåret av det moderne Norge, så er finansieringskrafta til staten Norge og det internasjonale politiske nettverket staten har, mykje viktigare. Men dei private initiativa er ikkje å kimse av heller. Tolv private initiativ har samla inn over ein milliard kroner i kontantar og materiell i dei første tusen dagane av fullskalainvasjonen i følgje Finansavisen.
Eg veit at lesarane til Liberaleren har donert tid og pengar til minst ei av initiativa som er nevnt i artikkelen til Finansavisen. Eit av dei tolv initiativa er Slava Ukraini Norway. To av Liberalerens skribentar har framskaffa pengar til materiell, som dei har køyrt ned til Ukraina, og som no tenestegjer på fronten. Slava Ukraini Norway treng både folk og pengar for å halde fram denne aktiviteten no som vi må sørge for at Ukraina har best moglege kort før fredsforhandlingane som kjem til å bli pressa fram. Meld meg på lene@liberaleren.no om du vi gjere noko meir enn å gje pengar. Mellombels tenker eg at det er skikkeleg kult å sjå kva private initiativ har fått til i Norge i løpet av dei tre åra krigen har foregått. Bully on Finansavisen for å trekkje det fram. Eg har ikkje sett andre aviser forsøkje å kvantifisere støtta.