Kommentar

Sinne og makteslause i Sápmi

Korfor demonstrerte vi ikkje for Odd Bjørnar? spør Hans Bårdsgård i Nationen i veka som gjekk. Men du sitt sikkert og lurer på kven Odd Bjørnar var. Odd Bjørnar Bjørkås fra Lierne vart funne daud utanfor heimen sin i Lierne 14. desember. Sápmi er i opprør. Ságat har skrive at justismordet mot Bjørkås er fullbyrda.

Grensa mellom urfolksrettar og naturmangfaldsloven

Den norske nasjonalstaten er skipa på to folk, nordmenn og samar, og fem minoritetar, nemlig kvener/norskfinnar, jødar, skogfinnar, romar og romanifolk/taterar. Samane reknas som urfolket i den norske nasjonalstaten. Det er ikkje fordi dei var først, eller nordmenn var først. Samane er det norske urfolket fordi dei held fram med næringsvegane jakt, sanking og fiske, som nordmenn gav opp rundt 1200 fvt. Nordmenn er dei som starta med landbruk og vart bufaste. Dette er det etniske skilljet mellom nordmenn og samar.

Retten samane har til å halde fram med jakt, fiske og sanking som levebrød er ein del av FN sin Menneskerettsfråsegn. Odd Bjørnar Bjørkås var medlem av ei siida som drev regn i Nord-Trøndelag. Siidaen til Bjørkås har i fleire år vore plaga av bjørn i området der reinen deira kalva. Han har mista mellom 40 og 60 prosent av kalvane kvart einaste år. I mai 2022 hadde ein bjørn og dei to ungane hennar tatt 16 rein, og dei hadde ingen planer om å gje seg.

Brunbjørn. Foto: Per Harald Olsen fra NTNU CC.BY.

Bjørkås søkte Miljødirektoratet om løyve til å felle bjørnen, men fekk avslag. Bjørnane var ikkje redd for menneske, vardebrenning eller skremmeskudd. Etter dei hadde brukt fleire dager på drive bjørnen vekk frå reinflokken, fekk Bjørkås nok. Etter å ha bedt Politiet og Statens Naturoppsyn om hjelp skaut han bjørnen og dei to ungane. I august 2023 vart han dømt til seks månader ubetinga fengsel i Frostating lagmannsrett. Lagmannsretten har tolka nødvergeparagrafen i naturmangfaldsloven svært snevert og meinte at Bjørkås ikkje handla i nødverge då bjørnane vart skotne.

Rettslause?

Dei to dommane frå tingretten og lagmannsretten gjer i prinsippet reindriftssamer rettslause i møte med slagbjørn inne i ein statleg definert rovviltsone. Deira rett til å drive med reindrift blir sett til side av naturmangfaldsloven. I Fosen-saka sa Høgsteretten at retten til å drive rein skulle ha vore gitt større vekt då konsesjonssøknaden for vindkraftverket vart behandla, men retten ønska ikkje å uttale seg i Lierne-saken. Dermed blir dommen frå Frostating ståande. 

Bjørkås starta soninga av dommen 13. desember, dagen før reinflokken hans skulle til vinterbeite sitt i Sverige. Han skulle sone med fotlenke, og han kan ikkje reise ut av landet med fotlenke. I intervju har han sagt at både det å bli stempla som kriminell og det å ikkje vere med flokken var tungt. Å bli verande igjen når flokken dro, blei rett og slett meir enn han klarte å håndtere.

Det verkar som den norske staten ikkje heilt klarer å ta inn over seg kor viktig reindrifta er for reindriftssamar. Det verkar òg som om dei ikkje heilt klarer å sette seg inn i korleis det opplevast å vere på jobb ute i naturen, med levande dyr og lite søvn fordi ein må beskytte dyra frå eit rovdyr som ikkje gjer seg. Då kan ein ikkje gå heim når kontortida er over. Om ikkje urfolk sin rett til å praktisere kulturen sin skal stå over andre omsyn, finnest ikkje retten lenger.

Som Bårdsgård peikar på i Nationen, det finnest ikkje nokon unntaksregel i Menneskerettighetsfråsegna sin artikkel 27.

Tilråingar om du vill lære meir om samisk kultur og historie

Filmen StjåletNetflix.

Boka Sameproblemet av Kathrine Nedrejord.

Sesongen om Samenes historie i Podcasten Norgeshistorie på NRK.

Boka Samenes historie : Fram til 1750 av Hans Ivar Larsen

Boka Samenes historie fra 1751 til 2010 av Astri Andresen, Bjørg Evjen og Teemun Sakari Ryymin.

Mest lest

Arrangementer