Magasin

Anders Sandberg på NRK

Lesare av Liberaren kveit kven Johan Norberg er, men den største akademiske stjerna frå 90-talets liberalistrørsle i Skandinavia er ukjend for dei fleste. Eg hadde gledja av å jobbe med Anders Sandberg i Tankemedjan Eudoxa tidleg på 2000-talet. Eg skal ikkje skildre kva Eudoxa var for noko her, det får bli ein annan gong

Eudoxa var ei rar skapning i liberalistrørsla. Ikkje freista Eudoxa på å bli eit politisk parti, dei valde å vere ei tankesmie. Problemet er at tankesmier, både i Sverige, Norge og USA, er stiftingar. Eudoxa var ein liberal tankesmie som valde den liberale organisasjonsformen aksjeselskap. Dei folka som var med på å skipe Civita, som Jan Arild Snoen og Dag Ekelberg, forsto ikkje korfor eg satte mine eigne pengar på Eudoxa.

Ikkje minst satte eg pengane på meg sjølv, det var ei investering eg trudde eg hadde hadde kontroll på. Men eg satte òg pengane mine på Waldemar Ingdahl, Marcus Sjöberg, Alexander Sanchez, og ikkje minst Anders Sandberg.  Denne sære gjengen hadde ein idé om korleis dei skulle hacke den svenske offentlegheita. Dei fleste tankesmier er bygd på folk som har institusjonelle posisjonar, institusjonell drifrtskapital, og dei folka som skipa Eudoxa var alle alle under 30, var ikkje ferdig med utdanninga si, og ingen av oss hadde med oss institusjonell kapital, eller individuell kapital, inn i etableringa av ei tankesmie. Den politiske profilen vår var liberal, dynamistisk og transhumanistisk. Those were the days. Liberalistar i Skandinavia kunne eige både framtidsoptimisme og teknologioptimisme, samstundes om som vi kunne ha diskusjonar om teknologi og kultur, og angripe resten av verda for dystopi og autokratiske politiske tilnærmingar til miljø og klima.

Eg var lei av liberalistrørsla frå midten på 90-talet. Ikkje folka, men dei ideologiske straumane. Vi var på veg mot den same ekstremismen som gjengen eg arbeidde med i Nyliberaleren og folka som dreiv den ulovlege nattklubben NoLimit i Torggata i Oslo representerte. Utanforskapet vi manifesterte gjennom aktivitetatene våre kjem alltid til å vere folk eg er takknemlege for å møte i sosiale samanhengar, men uansett kor samankopla liva våre var då, så har vi alle gjort val som gjer at det ein distanse mellom oss. Ærleg talt vil eg i utgangspunktet lite på dei folka, både i at eg tenkjer vi har felles verdiggrunnlag og at eg kan dele dei sårbare eigenskapana mine med dei. Men det er jo ikkje sånn at dei sosiale bånda vi hadde då vi var 20 automatisk finnast no. 

Ein av hundre orsakar til at eg alltid vil lite på Anders Sandberg, er at sjølv om eg ikkje har sett Anders på to tiår, så veit eg at Anders har ein grunnleggjande ide om kven han kan lite på og kven han ikkje kan lite på. Han er ein humanist, og om du lurer på kva folk du kan lite på og ikkje, så har Anders tydelege bodskap om folk som Elon Musk. “Eg litar på han på teknologi, men han har ikkje peiling på menneskjer.”

Eg veit at fleirtalet av lesarane til Liberaleren ikkje kan klare å halde oversyn med dei folka i rørsla vår som får Atlas til å bevege seg gjennom arbeidet dei gjer, men av dei to mest brilliante forskarane eg kjenner med det same verdigrunnlaget lesarane til Liberaleren har, så er Anders ein av dei to. Eg kan introdusere lesarane til Alexander Hamilton ein annan gang.

Av alle dei brilliante libertarianske forskaranne eg kjenner frå USA og Europa, er Anders Sandberg og Alexander Hamilton dei to eg vil trekke fram frå min generasjon i Nord-Europa. NRK har intervjua Anders og eg vil gjerne høyre kva dykk tenkjer om intervjuet i kommentarfeltet.

Mest lest

Arrangementer