Kommentar

Norge ikkje lenger på top ti

The Human Freedom Index vart nyleg publisert av Cato Institute og The Frasier Institute. Rapporten er på heile 433 sider og tar pulsen på korleis det står til med menneska sin fridom i 2022.

Human Freedom Index 2024. Skjermdump: Cato Instistute.

Rapporten har vore publisert årleg i ti år no og måler 87 ulike indikatorar på økonomisk og personleg fridom i kategoriane rettstryggleik, trygging, rørslefridom, religionsfridom, forsamlingsfridom, ytringsfridom, innsyn, størrelse på staten, rettssystem, eigedomsrett, pengesystem og tilgang på kapital, handelsfridom og offentleg regulering.

Pandemien har vore ein viktig årsak til nedgang i menneskeleg fridom i 2020 og 2021, spesielt i kategoriane rørslefridom, ytringsfridom, forsamlingsfridom, pengesystem og tilgang på kapital. Det har vore ein oppgang i 2022, men vi har ikkje nådd same fridomsnivå som tida før pandemien.

Berre 14 prosent av verdas befolkning bor i fridomsindeksen sin øvre firedel, mens heile 43 prosent bor i den lågaste firedel. Dei ti øvste landa er Sveits, New Zealand, Danmark, Luxemburg, Irland, Finland, Australia, Island, Sverige og Estland. Norge kom inn på 12. plass, og har ramla to plasser ned frå 10. plass i førre utgåve av indeksen.

Indeksen er delt inn i to hovudkategoriar, personleg fridom og økonomisk fridom. Norge ligger, ikkje overraskande, mykje betre an i kategorien personleg fridom. Der har vi ein skår på 9,56 av ti mogelege poeng. I kategorien økonomisk fridom har vi fått 7,58 poeng av ti mogelege og underkategorien vi verkeleg skårar dårleg er underkategorien Storleiken på staten. Vi har fått skår ein av ti moglege i statleg forbruk, i tillegg til midt på treet i marginal toppskatt og overføringar og subsidier. Inflasjonsnivået, arbeidsmarknadsreguleringar og tollsatsar er òg med på å trekke Norge nedover i kategorien økonomisk fridom.

Du kan lese heile rapporten på heimesidene til Cato Institute.

Mest lest

Arrangementer