Magasin

Fred Smith Jr., ein fridlynt våpendragar mot byråkrati

“Er det nokon som veit kor Fred er?”

Ein frenetisk resepsjonist er på veg ned korridoren. Smith skal på TV kvar augneblink, men han har ikkje møtt opp på TV-stasjonen. No er dei på telefonen og vil vite kor han er.

Megan McLaughlin, dåverande finansdirektør i Competititive Enterprise Institute (CEI), lener seg ut av kontoret. “Det er to vinbutikkar, tre sigarbutikkar og to butikkar for dameklær mellom her og TV-studioet, han kan vere i kven som helst av dei,” ropar ho tilbake.

Sånn var livet når ein arbeida for Fred Smith Jr., grunnleggjaren av CEI, den libertarianske tankesmia som er CATO Institute sin effektive, men litt villstyrige, lillebror. Smith held alltid høg fart og skapte litt sjarmerande kaos rundt seg til ein kvar tid. Ein skal lete lenge etter nokon med eit meir urokkeleg forsvar for kapitalisme og frie marknader.

Han var våpendragaren til den frie marknaden i Washington, DC. Målet hans var å eliminere unaudsyneleg offentleg regulering, noko som gjer at han kanskje ikkje er like godt kjent for frimarknadsrørsla utanfor USA. Kamp mot byråkrati og administrasjon er ikkje like overførbar som politiske program.

Smith døydde laurdag 23. november, 40 år etter at han og kona grunnla tankesmia Competitive Enterprise Institute. Han blei 83 år gamal. Han etterlet seg kona Frances og beagelen Sunshine, som dei adopterte berre ei veke før Fred døyde.

Fred and Frances Smith frå CEI sitt 30-årsjubileum. Foto:Judd Weiss.

På eit av dei ikoniske bileta av Fred, står han bak eit konferansebord med eit bredt glis i det kvite skjegget og  ein sigar i handa. Han har knept opp skjorta for å vise fram ei raud t-skjorte med ein kvit logo som med første augnekast kan sjå ut som ein Coca-Cola-logo. Enjoy Capitalism står det på skjorta. Det er sånn eg kjem til å hugse Fred, den skjorta, sjarm og ein urokkeleg tru på enkeltmenneskja, kapitalisme og frie marknader.

Reason TV sin Nick GIllespie i samale med Fred Smith Jr. i 2016, om den frigjerande historia til kapitalismen, reguleringens krig mot innovasjon, om millenials er sosialistar eller kapitalistar og marknadens moral.

Fred hadde ein bachelor of science-grad i teoretisk matematikk og statsvitenskap frå Tulane University i New Orleans. Der fekk han og den høgste akademiske utmerkinga på Tulane, dekanens medalje frå faktultetet for humaniora og grunnforsking. Han har gjort høgaregrads studier i matematikk og anvendt matematisk økonomi på Harvard, State University of New York ved Buffalo og University of Pennsylvania.

Bøker som Smith har skrive hele eller delar av inkluderer  “Field Guide to Effective Communication” (2004), “Corporate Aftershock: The Public Policy Lessons from the Collapse of Enron and Other Major Corporations” (2003), “Ecology, Liberty, & Property: A Free Market Environmental Reader” (2000), “The Future of Financial Privacy: Private Choices versus Political Rules” (1999), “Environmental Politics: Public Costs, Private Rewards” (1992) og “Steering The Elephant: How Washington Works” (1987). Akademiske artiklar har vorte publisert i forskingstidsskrift som Harvard Journal of Law and Economics and Knowledge, Technology, and Policy.

Han vart tilsett som økonom og analytikar ved Environmental Protection Agency, då han slutta for å grunnleggje CEI i 1984. Instituttet starta heime i garasjen, men vaks seg fort sterk og stor. I dag har tankesmia rundt 40 tilsete som arbeidar med å produsere uavhengig forsking og analyse, påverkingskampanjer og strategiske søksmål. Dei har ein årleg gallamiddag for donorar, der dei deler ut minneprisen til Julian L. Simon, til minne om ein annan frimarknadsøkonom som arbeida med miljø- og klimaproblematikk.

I tillegg til miljø- og klima, har CEI arbeida for å gjere det enklare å få godkjent lekjemedel i USA. Dei var med i The AIDS Coalition to Unleash Power (ACT UP) for å gjere det enklare å få bruke AIDS-medisiner som ikkje enno var godkjent av Food and Drug Administration, og har vore involvert i ei rekke bioteknologispørsmål. I 2010 vann dei eit søksmål for å eliminere ei rekke av lovkrava til rekneskap og rapportering for aksjeselskap i den amerikanske høgsteretten. Kvart år publiserar CEI rapporten 10 000 Commandments, som er eit oversyn over kor mykje den amerikanske føderale lovgjevinga har vokst i året som gjekk. Smith trakk seg tilbake som president i CEI i 2016, men var framleis ein aktiv emeritus  i tankesmia.

Eg er takksam for Smith sin innsats for fridom og frie marknader, for at eg fekk arbeide med han som ein Warren T. Brookes Journalism Fellow eit år og for eksemplet han har sett for i fronten av krigen om ideane.

Mest lest

Arrangementer