Filter Nyheter mottok fredag Humanistprisen 2024. Prisen delas ut av Human-Etisk Forbund og gis til enkeltpersonar, grupper eller organisasjonar som fremmar humanistiske ideal og prinsipp. Tidlegare vinnare inkluderar Norsk Organisasjon for Asylsøkere (NOAS), Eva Joly, Kim Friele, Bernt Hagtvet og Fri – foreningen for kjønns- og seksualitetsmangfold.
Harald Klungtveit er redaktør i Filter Nyheter. Han har vore med frå starten i 2016, då ei gruppe menneskje ønska å starte opp eit tidsskrift som skulle produsere grundig stoff om aktuelle tema i langlesingsformat. Dei brukar mykje ressursar på undersøkjande journalistikk og har i fleire år hatt eit spesielt fokus på høgreekstremisme. Prisen har dei fått for «å dokumentere korleis miljø på ytre høgre aktivt arbeidar for å svekke demokratiet sitt fundament og promotere splitting og minoritetshat gjennom grundig og faktabasert dekning» heiter det i pristildelinga.
Det er ikkje ei takksam oppgåve å rapportere om desse miljøa der politisk vald er eit føretrekt verkemedel. Det er ein tung jobb å stå i. Fleire av journalistane og forfatterane som dekker dette miljøet har vore utsatt for vald og hets, slik som John Færseth og Lasse Josephsen. Vi i storsamfunnet skal vere takksamme mot dei som orkar å stå i dette arbeidet, slik at offentlegheita får kunnskap om og kan forsvare seg mot aktivitetane til dei høgreekstreme.
Seinast i sommar ble Klungtveit meldt til Politiet av fleire personar dei hadde avslørt som leiarar av Active Club Network i Noreg. Active Club Network er grupper som rekrutterer unge menn til å drive med trening og friluftsliv, som i realiteten er kamptrening for celler i eit nettverk for nynazistar. Filter Nyheter dreiv med «hensynslaus åtferd» for pressedekninga si, hevda dei fire som melde tidsskriftet til Politiet.
– Dette er innafor det vi forventer frå dette miljøet når vi tar fatt på ein slik sak. Det er ikkje noke eg bruker energi på, sa Klungtveit til Journalisten då.
Det er forståeleg at ein synes det er litt plagsamt å få merksemd rundt det at ein driver med rekruttering av unge folk til eit miljø som vil kaste om på den politiske ordninga. Samstundes er ikkje nokon tvil om at det er i offentlegheitas interesse at vite kva dei held på med og kven dei er. I kvardagen, når dei ikkje leikar soldatar i skogen, har dei helt normale jobbar og hobbyar, som til dømes sjakk på høgt nivå, og desse miljøa er viktige rekrutteringsarenaer.
Det er ikkje heilt klart kva som skjedde hos Statsadvokaten, men dei tok ut tiltale mot Klungtveit før dei la bort saken med grunngjevinga «Etter bevisets stilling». Klungtveit har klaga på grunngjevinga og bedt om at den endras til «Intet straffbart forhold».
Liberaleren gratulerer Filter Nyheter med Humanistprisen. Den er vel fortjent.