Kommentar

Kjære program­komiteane i dei politiske partia

I Noreg har vi eit velferdssystem som har stått som eit symbol på likestilling og rettferd. Men vi må stille oss eit kritisk spørsmål: Kva er vitsen med å utvide velferdstilodet når vi ikkje engang klarar å levere på dei eksisterande lovpålagte krava?

For det første er tenestene våre underfinansierte. Stortinget leggjer mange krav på kommunane dom det ikkje føljger finansierieng med. Eit av dem er tenesten om prukarstyrt personleg assistanse (BPA). Tidlegare miljøvernminister Guro Fjellanger kjempa ein lang kamp for å få på plass denne velferdstjenesta. Thor Steinhovden, tidlegare kommunikasjonssjef i Agenda, har og vorte tvunge til å være ein aktiv kamp for få innfridd rettar dottera hans har krav på. Ho vart født med eit sjeldent syndrom.

Problemet er ikkje at tjenestene ikkje finnest, men at kommunane og bydelane bruker slike rettar som ein sparepost. Folk som har krav på BPA eller annan form for assistanse får ikkje innvilgja søknadane sine.

BPA er eit eksempel på mange helse- og sosialtenester som får ikkje tilstrekkelige midlar til å oppfylle krava som er sette av Stortinget. Mange kommunar brukar slike lovpålagte tenester for å saldere budsjettet.

Politikarar bør bruke pengane sine på vedlikehald av eksisterande infrastruktur og tenester først, sjølv om det er meir fristande å lage nye prosjekt som dei kan knytte namnet sitt til. Det er uetisk å utvide velferdstilbodet når dei som allereie har krav på tenester dei ikkje får, anten det er pendlarar, pasientar eller andre folk.

Vi har òg eit vesentleg problem med mangel på arbeidskraft i offentleg sektor. Det hjelper lite å innføre fleire velferdstilbod dersom det ikkje finst nok folk til å fylle stillingane som er nødvendige for å oppretthalde kvaliteten. Politikarar må slutte å mase om å flytte arbeidskraft frå ein sektor til ein annan, eller ein stad til ein anna, og i staden fokusere på å skape eit attraktivt arbeidsmiljø. Det er ikkje nok folk eller pengar til nye rettar; vi må sikre at eksisterande rettar blir oppfylt.

Økonomiske faktorar spelar ei viktig rolle her. Noreg har i fleire år brukt pengar frå oljefondet for å finansiere den offentlege sektoren, noko som har ført til at offentleg sektor har vokst seg for stor.

Samtidig blir kommunane pålagd fleire velferdsrettar enn dei klarar å oppfylle. Å utvide velferdstilodet vil berre forverre denne situasjonen, og kan føre til auka skatter eller kutt i andre lovpålagte tenester. Dette er ei kortsiktig løysing som kan ha langvarige negative konsekvensar.

Ein konsekvens er at tilliten vi har til kvarandre i det norske samfunnet vil forvitre. Så lenge folk ser at deira eldre ikkje får skikkeleg omsorg på aldersheimen, som mange allereie opplev, vil dei ikkje ha tiltru til at velferdsstaten leverar eit tenestilbod dei kan leve med. Mange av oss er jo bare eit par – tre tiår etter generasjonen som nå er i alderdommen.

Vi må først og fremst sikre at minimumskrava i lova blir oppretthaldne før vi vurderer å utvide velferdtilbodet. I staden for å legge til nye rettar, bør vi fokusere på å sikre at eksisterande tenester er godt finansierte og har tilstrekkeleg kvalitet. Investering i utdanning for helsepersonell og tilsette i skulen, samt modernisering av teknologiske løysingar, vil bidra til å gi betre resultat for dei som faktisk treng hjelpa.

Vi må heller aldri gløyme det politiske ansvaret. Utviding av velferdstilodet bør ikkje vere ei populistisk avgjerd. Politikarar har ei forplikting til å forvalte fellesskapets ressursar på ein ansvarleg måte. Vi må basere oss på grundige vurderingar, ikkje berre på ønsket om å vinne stemmer. Vi kan ikkje la populisme diktere kva som skjer med velferdssystemet vårt.

Mest lest

Arrangementer