Magasin

KrFU sin kamp mot kunnskap

I 2022 vart ei bok publisert digitalt med Creative Commons-lisens på nettet. Boka heit Spiss Fleinssopp, og forfattaren heit Wonko Den Tilregnelige. Lenkene til boka vart posta på diverse sosiale medium. Forleggjaren i Risk Forlag, Anders Aasen Berge, tok kontakt med Wonko i 2023 for å høyre om han kunne tenke seg å få boka publisert på papir. 

Boka Spiss Fleinsopp kom på papir rett før sommaren, og lanseringsfesten på Chateau Neuf i Oslo var fullteikna. Det var rett før dei måtte avvise folk i døra. Alle dei frammøtte fekk eit bokmerke med ein tørka fleinsopp på. Boka hadde solgt over 1000 eksemplarer i løpet av sommaren, men eg veit ikkje kor mange som er solgt no. Det er grunn til å anta at Risk og Wonko får solgt enda fleire eksemplar av Spiss Fleinsopp etter at KrFU-leiar Hadle Bjuland brukte fredagskvelden sin på å marknadsføre boka på Dagsnytt 18 på fredag.

Hadle Bjuland. Foto: Kristelig Folkeparti CC.BY.NC.SA.

Kven er no denne Wonko?

Wonko Den Tilregnelige er openbart eit pseudonym. Det er henta frå trillogien The Hitchhiker’s Guide to the Galaxy av Douglas Adams, også kjent som På tommeltotten i Melkeveien på norsk. Wonko sitt eigentlege namn er John Watson, Wonko i boka til Adams altså. Ingen av oss veit kven Wonko som har skrive Spiss Fleinsopp er. 

Wonko i boka til Adams er ein marinbiolog, som blir oppgitt over å bo i ein sivilisasjon der ein treng å ha ei bruksanvisning på ei pakke med tannpirkarar. Han tenkjer at han ikkje kan holde seg tilrekneleg i ein sivilisasjon som treng bruksanvisning for tannpirkarar. Så Wonko bygger eit hus til å ha tannpirkarane i. Han gjer huset namnet Asylet, og erklærer resten av verda for utsida av Asylet. Det er der han bur.

Denne historia var nok inspirasjonen for Wonko Den Tilregelige då han valde pseudonymet. For det er ein håndfull planter og sopp som finnest i norsk natur og som ikkje er framande artar og som står på narkotikalista, som er ein del av narkotikaforskriften. Kor er logikken i ha eit forbud mot naturen? Det er til og med ein forening som eine og aleine er dedikert til å fjerne fleinsopp frå narkotikalisten. Frigjør naturen! heiter den.

Eg har snakka med Wonko om denne boka i seks år. Wonko som har skrive bok er nok ikkje marinbiolog, men han har jobba jamnt og trutt med boka lenge. Eg var redaktør i tidsskriftet Sopp og nyttevekster då han tok kontakt for første gong. Han var oppgitt over at det var klin umogeleg å få norske soppeekspertar i tale over denne soppen. Både fagfolk og soppsakkunnige ville ikkje. De fleste av dei soppsakkunnige har faktisk ikkje fått opplæring på spiss fleinssopp Psilocybe semilanceata, men mange av dei har lært seg arten likevel. Fagfolka veit mykje meir, men vil ikkje dele. Så kva er det som er så spesielt med Soppen Ein Ikkje Kan Si Namnet På?

Den Lille Brune Soppen blant dei Små Brune Soppane

I soppverda finnast det eit omgrep som er forkorta til LBS, eller SBM på engelsk. Liten brun sopp. Det er ikkje så vanskeleg å sjå skilnad på dei store soppane, men desse små brune soppane skal det litt til. Dei må som oftast mikroskoperarst for å sjå skilnaden på dei og dei fleste soppsakkunnige bryr seg ikkje om sånn sopp. Det er ikkje matsopp. Dei er trent på, og sertifisert i, å kunne fortelje deg kva slags matsopp du har funne.

Med mindre man er spesielt interessert, eller ein overivrig barnehagebestyrar, så bryr ein seg ikkje om små brune soppar. Ein gjer ikkje det. Det er ikkje nokon grunn til å lete etter dei, eller å identifisere dei. Med mindre man leitar etter spiss fleinsopp, og det kan vere mange grunnar til det.

Spiss fleinsopp Psilocybe semilanceata er ein av de små brune soppane. Foto: Christian Schwarz CC.BY.NC.

Ein kan drive med soppkartleggjing, som er ein jobb for ein del biologar og ein lidenskap for nokre hundre amatørar her i Noreg. Ein kan òg vere interessert i å finne andre rusalternativ enn alkohol. Alkohol er jo ein av dei farlegaste rusmiddla vi har tilgjengeleg, og fleinsopp er ein av de minst farlege. Du treng ikkje å ta mitt ord for det, men du stoler kanskje på NRK når dei seier det er sånn?

Med det utgangspunktet kan ein kan kanskje kalla spiss fleinsopp for Den Lille Brune Soppen blant dei små brune soppane. Den gjer ein rusoppleving som enkelte synest er behagelig.Og Wonko Den Tilregnelige har gjort ein kjempejobb med å lage folkeopplysning om soppen. Det er ei vakker bok. Alt som står i boka er grundig undersøkt og kjeldebelagt, og så er det ein lekjar og tre soppsakkunnige som har gått igjennom boka for faktasjekk. Eg er ein av dei tre soppsakkunnige. Det var ein grunn til at eg valde å bryte tausheten frå soppmiljøet når Wonko tok kontakt. Det er farlig at dei ikkje får opplæring i og kan spre kunnskap om giftsopp.

Spiss fleinsopp er ein giftsopp i den tradisjonelle forstanden. Den rusopplevinga folk vil ha er ein forgiftingsreaksjon som kroppen din lagar. Soppen blir ikkje mindre giftsopp, berre fordi du ønskar deg forgiftingsreaksjonen. Alkoholrus er òg ein forgiftingsreaksjon. Alkholen i øl og vin er ikkje laga av spiss fleinsopp, men det er avfallstoffane frå fordøyinga til andre soppar. Gjærsoppar. Dei et sukkeret, og resultatet er alkohol. Sjølv om alkohol er farlegare, har vi altså større historisk tradisjon for alkoholbasert rus. Det er ikkje riktig at det skal vere det einaste rusalternativet vi har, når det finnest mindre farlegare alternativ, som gir andre rusreaksjonar du kanskje heller ønskjer å oppleve. Det er faktisk ein biopolitisk rettighet å kunne velje kva rusmiddel ein ønskjar å bruke og det er ikkje greit at velferdsstaten tvingar oss til å bruke eit som er farlegare!

Soppfolk og Soppen Ein Ikkje Kan Si Namnet På

Eg har greit oversyn over den norske soppliteraturen. Eg har tross alt skrive meldingar om nye soppbøker over ein periode på sju år. Informasjon om Soppen Ein Ikkje Kan Si Namnet På har berre vore publisert i omsette soppbøker sidan 1956. Den siste feltsoppboka med ein norsk forfattar som inneheldt informasjon om korleis du skal identifisere spiss fleinsopp vart sist publisert i 1956. Det er eit unntak, og det er ei bok om giftsoppar frå 1988. Ei bok berre om giftsoppar og soppgifter, ei bok for spesielt interesserte med andre ord. Boka Spiss Fleinsopp av Wonko Den Tilregnelige er med andre ord eit unntak, og den inneheld mykje meir informasjon enn kva ei feltsoppbok inneheld.

Eg veit ikkje kva spissborgelegt sinnelag som har gjort at heile soppmiljøet har bestemt seg for at informasjon om spiss fleinsopp kan ein ikkje dele. Dei siste par åra har soppen igjen kome med på Normlista, som er oversynet Norges sopp- og nyttevekstforbund har over giftsopp og matsopp. Den er framleis ikkje pensum for dei som skal ta eksamen for soppsakkunnige.

Ein kan jo spørre seg kvifor eg bryr meg om kva ein frivillig organisasjon meiner om spiss fleinsopp, men Norges sopp- og nyttevekstforbund er ikkje berre ein frivillig organisasjon. Det er den organisasjonen i Norge som skal vere spisskompetansen på sopp i Norge. Dei får støtte frå staten for å drive soppkontrollar, og dei har ansvare for å utnevne fagfolk til den norske soppnavnkomiteen, som gjer beskjed til Artsdatabanken om kva norsk navn soppar skal ha og ikkje. Artsdatabanken er ein offentleg verksemd. Mandatet deira er «Artsdatabankens viktigste oppgave er å forsyne samfunnet med oppdatert og lett tilgjengelig kunnskap om naturtyper, arter og populasjoner (genetisk variasjon). Artsdatabanken skal ha en fri og uavhengig stilling i alle faglige spørsmål.» Det er ikkje berre på sopp Artsdatabanken støttar seg på dei biologiske foreiningane. Artsrikene fuglar og planter har ein liknande ordning med BirdLife Norway og Botanisk Forening. Dei er med andre ord sjølvoppnemde, sjølvstyrande foreiningar som har ein direkte påvirking på korleis Norge styrast.

Tilbake til KrFU

Sjølv om Norges sopp- og nyttevekstforbund har bestemt seg for å ta ekspertrolla si på alvor, er det framleis enkelte ungdomspolitikarar som meiner at veldokumentert kunnskap er farlegare enn at folk skal famle seg fram i blinde med informasjon ein finner på internett. Leiaren i KrFU sa på Dagsnytt 18 fredag at «vi trenger færre bøker som er er med å legitimere narkotikabruk på denne måten her». Han mumla noko om at ein bilførar hadde havna i ei bilullykke mens han påvirka av fleinsopp i vår, men eg har ikkje vært i stand til å finne informasjon om det. Derimot ble en bilfører tatt for kjøring i fleinsoppruspåvirket tilstand i går kveld, noen timer etter Bjuland hadde snakket om temaet. Det er ikkje greit å køyre når ein er rusa, korkje på alkohol eller andre ting.

Forsiden på boken Spiss Fleinsopp av Wonko Den Tilregnelige.

Nå er det ikke sånn at boka til Wonko på nokon sett legitimerar eller forherligar rusbruk. Den går grundig igjenom lovar, helseproblem og andre ting ein treng å vite for å bruke fleinsopp på ein trygg måte. Den forteljer òg om korleis ein kan identifisere svært giftige forvekslingsartar. Ein som har lest boka vil ikkje under nokon situasjon vere usikker på om det er ulovleg å ha eller bruke spiss fleinsopp, og ho inneheld òg mykje interessant biologisk informasjon for dei som berre likar å vite meir om sopp. Når Bjuland seier at boka bagatelliserar og forherligar rusbruk, så kan han ikkje ha lest boka. Han snakka òg om at folk innhallerar fleinsopp. Eg er ikkje heilt sikker på kor han har det frå, men den bruksmetoden vil eg åtvara på det sterkaste mot! Du vil ikkje ha sopp i luftvegane dine!

Leiaren i KrFU driv altså å seljer inn boka til Wonko som noko boka ikkje er, for boka korkje forherlegar eller bagateliserar rusbruk. Boka gjer informasjon om forsvarleg identifikasjon og bruk. Eg reiknar med at Bjuland ikkje vil at folk skal få dødelege skader på lever eller nyre fordi dei tok feil sopp, men eg skjønar ikkje korfor han er så redd for kunnskap. Det er jo ikkje sånn at folk lar vær å gjere ulovlege ting, berre fordi at stortingspolikarar som Bjuland har laga ei lov som forbyr det. Då er det betre at dei gjer dumme val med så mykje kunnskap som mogleg, akkurat som kristen ungdom som har fått det for seg at det er best å vente med sex til etter ein er gift. Det vil si, dei venter jo ikkje med det alle andre kaller sex. Dei ventar berre med vaginal penetrasjon, og då er det jo greit med litteratur som gjer kunnskap om kor grensene går. Er det OK å masturbere nokon til dei får orgasme, og kva med oralsex? Om du skal dumpe ei dame etter ho har gjett deg oralsex, korleis legitimerar du det i kristenetikken? Kan ein skilje orgasme og sex? Litteraturen finnast der ute, og folk som er nysgjerrige på rusbruk har òg interesse av solid kunnskap før dei sett i gang med å gjer ting som andre synest er problematisk, reint etisk sett.

Og om du er nysgjerrig på meir kunnskap om ein av dei psykedeliske soppane som veks i norsk natur, så kan eg tilrå boka Spiss Fleinsopp av Wonko Den Tilregnelige. Hadle Bjuland synest i alle fall boka er farleg nok til å bruke fredagskvelden på å åtvara mot ho, så då må jo noko vere riktig.

Mest lest

Arrangementer