Kommentar

Kan vi snakke om legemedelbransjen?

Eg har skrive om legemedelbransjen av og på i to tiår. Som journalist i USA har eg fått nær kjennskap til forretningsmodellane i bransjen, sidan både lobbyister, forskarar, politikarar og pasientorganisasjonar har hatt mykje å melde. I periodar har eg fått betalt for å snakke bransjen sin sak, enten som eit offer for overregulering eller som ein veldedig aktør på individnivå eller på verdsmarknaden. I mange av desse åra har eg og andre lidd av ein legemedelbransje som ikkje fungerar, fordi dei ikkje klarar å levere produkta sine til dei som skal ha det. Dei marknadsmekanismane vi har for bransjen fungerar ikkje, verken på globalt, nasjonalt eller individuelt nivå.

Grunnlaget for legemedelbransjen

Den viktigaste reguleringa for legemedel er løyve til å selje produkta sine. Legemedelverksemdene må ha løyve frå offentlege styresmakter for å gjere det. Ja, dykk markedsfundamentalister kan hytte neven mot det, men desse løyvene har faktisk vekst fram som eit resultat av skrupuløse verksemder som har presentert slangeolja si som løysinga på alle problema til folk. Nokre eksempel inkluderar radioaktiv tannkrem og Coca Cola, og då meiner eg utgåva av Coca Cola som inneheld kokain.

Vi har ein rar tanke om legemedelbransjen og legestanden i samtida. Aspirin er verdas eldste syntetiske medisin, den vart første gang produsert i 1897. Det er mindre enn 200 år sidan bransjen gjekk bort frå Galenos sin teori om dei fire kroppsvæskene som måtte balanseres. Som han har stole frå Vedisk medisin, men det treng vi ikkje å dykka djupare i. Det betyr at det er mindre enn 200 år sidan folk slutta å dra på sjukehus for å døy. Dei drog dit for å bli friske i staden. Det er ikkje lenge sidan. 

Endringa kom omtrent samtidig med vekslinga frå det Foucalt kalla nekropolitikk, altså døydens politikk. Fram til nasjonalstaten vant fram, hadde makthavarane berre ein negativ makt. Dei kunne ta frå dei eigedelane dine, arbeidstida di, livet ditt eller nekropolitikk som Foucault kalte det. Overgången til nasjonalstaten, var òg overgangen til biopolitikken. Styringsmaktane hadde skjønt, via fleire andre vitskapelege framsteg eg ikkje skal forklare her (Sjekk underoverskrifta Foucault sin nyliberalisme), at det dei ble rike på var å dyrke liv. Det var derfor Foucault gav det politiske paradigmeskiftet namnet biopolitikk. Nasjonalstaten blir rik på at du er produktiv. Dei tapar på at du ikkje produserar noko. Vi brukar å tidfeste nasjonalstaten til 1848. I løpet av den første halvparten av 1900-talet oppdagar nasjonalstatene og styresmaktene der korleis dei skal maksimera produktiviteten til deg og meg. Dei kalla det for velferdsstaten. 

– Ærleg talt jobbar dei framleis med å finne balansen mellom vår produktivitet og deira velferdsløysingar, men den diskusjonen kan vi ta ein annan gong.

Tilfeldige manglar

Velferdsstatens oppgåve er altså sørge for at du og eg kan vere produktive, sånn at vi kan skape vekst og veldstand for oss sjølve og kvarandre. Legemedel er ein av metodane vi bruker for å halde oss produktive, og sånn sett er det viktig at bransjen fungerar som den skal. Men den gjer ikkje det. Over heile verda slit dei nasjonale legemedelmarkeda med å få nok medisiner. Både Verdas helseorganisasjon, EU og Direktoratet for medisinske produkt her heime i Norge, har prosjekt for å undersøke kva problemet er og overvåke legemedelmangel.

bildet er et kart som viser hvilke land som regner sildenafil som et essensielt legemiddel
Sildenafil er et essensielt legemiddel i landene merket med gult. Skjermdump: essentialmeds.org.

Eg kan skrive om årsakane ei anna dag, men det litt over 17 000 legemedel som har marknadsløyve rundt om kring i verda i dag. Ein del av dei er livsstilslegemedel, som ein strengt tatt kan leve godt uten, som for eksempel Sildenafil. Sildenafil er verkestoffet i Viagra. Andre legemedel gjer at folk held seg friske, eller minskar symptom, eller aukar funksjonsnivå. Rundt 2000 av dei 17 000 legemedela er definert som essensielle av ulike land, i følge Verdas helseorganisasjon. Ja, nokre land har definert Sildenafil som essensielt, men det er ikkje på lista til Verdas helseorganisasjon.

Eit anna legemedel som heller ikkje står på lista til Verdas helseorganisasjon er eit legemedel eg tar kvar dag. Det har vore utsolgt sidan august i Noreg. Ikkje berre har eg ein dårlegare dag utan det legemedelet, men eg er betraktelig mindre produktiv utan. Det kostar samfunnet at eg ikkje får medisinene mine. Eg er ikkje aleine. Så langt i 2024 har Direktoratet for medisinske produkter fått 1645 meldingar om legemedel som ikkje er tilgjengelige, av desse er 450 framleis ikkje tilgjengelege. 

Legemedelet eg brukar kvar har vore utsolgt i dei fleste apotek sidan august. Og meldinga frå produsenten til Direktoratet for medisinske produkter tyder på at det kjem til å vere sånn fram til november, men då kjem det kanskje ein ny melding om vidare forsinkingar. Morosamt nok, er det ikkje nokre leveranseproblem i Sverige. Der er det ikkje noko problem. Det same legemedelet har vore utsolgt i USA i periodar med. Det er ikkje noko system i manglane.

Vaksinar og tropiske sjukdommar

Ein kan tenke seg at legemedelmangel ikkje er eit teikn på at verksemdsmodellen til ein heil bransje er i stykker, og er jo riktig, men det er andre teikn og. Dei klarar ikkje produsere vaksiner heller, og da snakkar eg ikkje om nye vaksiner som Covid-19-vaksina. Der klarte dei å få skalert opp produksjonen ganske fort. Eg snakkar om heilt vanlege vaksiner som har vore i produksjon i årevis og er del av vaksineprogram over heile verda.

Andre legemedel bransjen heller ikkje klarer å levere er dei som er naudsynt for å behandle såkalla tropiske sjukdmmar. Det er sjukdommar som er vanlege i tropiske land, ikkje på grunn av klima, fattigdom. Det er parasittar som malaria, schistosomiasis og leishmaniasis og virsussjukdommar som denguefeber og gulfeber. Alle desse sjukdommane kan ein lett behandler, men då må ein ha medisiner. Medisinene er kjente, dei er effektive, men legemedelbransjen slit med å levere dei.

Kva er løysinga?

Nye legemedel som ikkje får plass på Verdas helseorganisasjon si liste over essensielle legemedel får dei til, men ikkje kjente legemedel som det er stor etterspørsel etter over heile verda. Dei klarer ikkje å fylle marknadsbehova. Kanskje problemet er at det er for høge profittmarginar på dei nye produkta, og at dei ikkje gidd å lage dei kjente? Vi veit det er problem med tilgang på visse aktive virkestoff. Både Norge og EU har diskutert å bygge opp eigne beredskapslager av desse. Kanskje problemet er aksjeeigarane? Dei viktigaste investorane i bransjen er pensjonsfond, dei vil ha rikeleg og påliteleg avkastning, for å betale ut pensjonane til medlemmane sine. Det kan vere ein av grunnane til at desse verksemdene ikkje prioriterar å produsere legemedel som det er stor etterspørsel etter, men som ikkje har like høg profittmargin.

Eg veit ikkje, men eg veit at forretningsmodellen er roten. Det er ein bransje som ikkje klarar å fylle marknadsetterspurnaden. Dei prøver ikkje ein gong. Dei let pengar bli liggande på bordet. Det er eit teikn på at noko er feil.

Mest lest

Arrangementer