Magasin

Stille før dronestormen

Dette er siste ferdabrev frå Andreas og meg. Innan du les dette er vi tilbake til jobb og studier i Oslo, mens Putin turar fram i Ukraina, rasande over Ukraineranes strategem i Kursk.

Eg trudde den store såga frå i går skulle vere utreisedramaet, kom vi til å få togbiletter eller måtte vi ta buss. Det tar minst 12 timer å kome seg ut av Ukraina, men ofte nærare 24 timer. Alle flyplassane er stengd, så buss, tog eller bil er dei einaste moglegheitane. Tog er den mest effektive reisa, både med tanke på reisetid, komfort og effektivtet på grenseovergangen. Grensekryssinga med tog tar sjeldan meir enn tre timar.

Vi hadde ikkje togbiletter, og dei er utsolgt vekesvis i forkant. Det offentlege har reservert eit tal med togbilettar for sitt eige bruk. Dersom desse ikkje blir brukt, blir billettane frigitt i intervaller 24, tolv, seks, tre og ein time før toget skal gå. Alternativet er buss, som tar minst 21 time pluss grensekryssing. Skulle eg rekke heim til jobb på mandag måtte vi ha tatt bussen på fredag, men vi tok sjansen på at vi skulle få til togbillettar på laurdag. Og det fikk vi. Sovekupe for to personar til og med. Med teservice frå togverten. Andreas ble særs glad over å få varm, nybrygga te.

Toget gikk på kvelden og vi ville vere framme i Przemy?l tolv timar seinare. Vi brukte dagen med Olha og Vitalii. Vi gjekk ein rusletur i den nye parken Natalka. Det betyr vesle Natalia, så turen var heilt på sin plass, gitt namnet på bilen vi hadde med oss.

Det er eit flott, nytt parkanlegg der Kyivbuarane kunne trene, lufte hundar, høyre på musikk og bade. Parken har òg heilt nye bruer ut til ei lita øy med enda fleire fritidsmoglegheitar. I parken ligg eit stilfult sovjetrussisk modernistisk bygg frå tida til Stalin. Han skulle byggje tunnel under Dnipro-elva, men det ble med planen. Bygget har liggi der sidan, men endeleg har nokre entreprenørar tatt tak i det og no skal det bli konsertscene og pub. Ikkje alle var ens om at det var best bruk av penger å lage alt det nye mens landet var under angrep, men nettopp det at verda fortsetter som normalt, sjølv under krig, er viktig for å gi Kyivs innbyggarar ein kjensle av normalitet. Er det noko vi lærte under pandemien, er det at gode uterom er viktige møteplassar når det er krise.

Det er mange kule boligbygg i området, og leilighetane er dyre her. Ein ting eg likar med desse bygga er at dei ikkje er firkanta, men har runde former som gjer meir booverflate per bygg, samstundes som bygga gjer eit organisk inntrykk. Naturen er ikkje firkanta. Kanskje dei kunne tjene som inspirasjon til eit kompromiss mellom Arkitetkturopprøret og oss som likar moderne bygg?

Vi endte opp med å spise sein lunsj på This is Pivbar, som altså betyr Dette er ølbar. Der fikk vi ein nydelig kylling Kyiv med tre ulike kryddersmør. Denne matretten må jo vere obligatorisk, når ein først er i byen.

Etter det henta vi snipssekkene våre og dro til togstasjonen. Den var gigantisk og gyllen og full av veggmalerier. Avgangstavla var overveldande med over 50 forskjellige tog, minst, kanskje så mange som 100. Det var godt vi hadde med oss lokale guidar.

Resultatet av droneangrepet i Kyiv 11. august 2024. Video: Kyiv-avdeingen av Ukrainas statlige nødtjenester.

Olha og Vitalii sat og snakka med oss fram til avgang, og ikkje lenge etter toget hadde køyrt starta flyaalarmen, og den gikk og gikk og gikk, heilt til vi kom til grensa tolv timar seinare. Ikkje mindre enn 26 meldngar om angrep med iranske shaheed-droner kom i løpet av turen, og kvar melding varsla om angrep på tre til fem områder samtidig. Det var ein helvetes natt for Olha og Vitalii, vi reikna oss sjølv som rimelig trygge der vi dundra igjennom natta i høg fart på sånne solide tog med høgt understell som Vy berre kan drøyme om. Du veit, sånne som går om vinteren når det er snø og sånn.

En fredelig morgen lyver om alle nattens russiske droneangrep over hele Ukraina. Foto: Lene Johansen.

Det var store skader i Kyiv i går natt, så vi har vore heldige som slapp å oppleve det. Olha og Vitalii bor heldigvis langt unna der denne drona traff. Samstundes er det ein god påminning om at vi ikkje kan la Putin halde fram med denne krigen. Sjølv om regjinga har gjort mykje, kan vi legge press på at dei skal jobbe fortare og gjere meir. Mellombels kan vi gjere noko sjølv, som å halde fram med å støtte Slava Ukraini Norway, strikke genserar til dei på fronten og hjelpe ukrainerane i livet vårt å halde motet oppe.

Vær med å bidra på en spleisene til Slava Ukraini Norway på Vipps: 907280.

Mest lest

Arrangementer