Kommentar

Kamala Harris blir Demokratanes kandidat

I går kveld kom dei venta nyheitene om at Biden trekk seg som presidentkandidat. Dei siste vekene har vore ei uverdig førestilling som er skapt av at Biden sitt team har skjerma han for informasjon han skulle ha fått om korleis stoda var i det offentlege meiningsskiftet. I det augeblikket nyheita kom, starta spekulasjonane om kven som skulle bli kandidat no på sosiale medium. Det er ein artig øving i moglege framtider, men Demokratanes presidentkandidat kjem til å bli Kamala Harris. Her er grunnane til at det må bli slik.

Kamala Harris. Foto: Lawrence Jackson/ The White House.

Det er 105 dagar til valet

Biden og Trump har drive valkamp i fleire år. Det betyr at dei har bygd opp valkampmaskin i kvar og ein av primærvalsstatane, og det er denne maskina som skal halde fram med valkampen fram mot hovudvalet fram til 5. november.

Biden og Harris har til saman skaffa seg ei valkampkasse på litt over ein milliard norske kroner. Den valkampkassa kan ikkje berre overførast til ein annan kandidat. Dei andre som kunne tenkje seg å vere kandidatar no har ikkje dei pengane.

Ingen pengar, ingen valkampmaskin, ikkje noko kandidatur. Så enkelt er det.

Kan ho vinne?

Svaret er ja. Ho kan vinne. Og det er vanskeleg å sjå for seg ein annan demokratisk kandidat som har ein betre sjans for å slå Trump gitt at det er 105 dagar til valet.

Meiningsundersøkingar der veljarane må velje mellom Trump og Harris skil dei to med 1,7 prosent om ein skal tru Poll of Polls. Foreløpig er det vanskeleg å finne målingar korleis Trump og Harris måler seg med kvarandre i de sju vippestatane, Arizona, Nevada, Wisconsin, Michigan, Pennsylvania, North Carolina og Georgia. Biden-Harris vant desse delstatane i 2020, men vi veit altså ikkje korleis endring til Harris kjem til å endre oppslutninga her. Vi må berre vente til dei som måler får lagt om undersøkingane sine. Valet mellom Trump og Harris kjem til å avgjeras av nokre få hundretusen veljarar i desse delstatane. Ho har større støtte frå kvinner og frå uavhengige, enn kva både Biden og Trump har. Det er dei to veljargruppene som har avgjort vala dei siste åra.

Alder har vore ein faktor i valkampen. Det amerikanske geriontokratiet har ikkje sloppe til nye kreftar i fleire valsyklusar no, men no er dei så gamle at dei rett og slett døyr i verva sine i partileiinga. Biden er gamal, men Trump som er 78 no, er berre fire år yngre. Kamala Harris er 59 år gamal. Veljarane har plutseleg fått valet mellom to forskjellige generasjonar. Det vil gje ein heilt anna dynamikk i valkampen, samanlikna med det vi har sett til no.

Ho har òg vore meir profilert det siste året og har vore ein viktig talsmann for viktige valkamptema som våpenkontroll, lågare priser på medisinar, abort og finansiering av afroamerikanske entreprenørar. Det er sånt vi ikkje høyrer alt for mykje om i norske medium, fordi dei har hatt fokus på kampen mellom Biden og Trump.

Det er òg eit poeng at Demokratane står fram samla no, etter kaoset dei siste vekene. Partiet tener ingenting på å få eit kaotisk miniprimærval, og ende opp med ein kandidat som ikkje har pengar og ikkje har valkampmaskin. Det må blir Kamala Harris.

Mest lest

Arrangementer