Kommentar

Urolege tider krev andre strategiar, ikkje andre verdiar

Sterke krefter utfordrar dei store, internasjonale samfunnsstrukturane som vi har teke for gitt i mange tiår. Det skapar konfliktar, uro og usikkerheit, både innanlands og internasjonalt. Klimaendringar, ulikskap, pandemiar, økonomiske kriser og politisk polarisering er berre nokre av utfordringane vi står overfor.

Delar av høgresida har kasta ut fusjonismen frå 1990-talet, dei er ikkje lenger “liberalkonservative”, dei står stolte fram som nasjonalkonservative eller sosialkonservative no. Ut med det markedsliberalistiske tankegodset! Bort med dei plagsome liberalistiske ideane om mangfold, toleranse og fridom!

I frykt for islamske idear og muslimsk kultur, har dei kopiert maskulin æreskultur frå kulturelt lukka muslimske kulturar. Vi skal ha likestilling, men kvinner skal helst føde barn og ta seg av manne-mannen sin. Og mannen skal vera fysisk sterk og ikkje vise omverda at han er sårbar og har nok sosial kompetanse til å vise omsyn til omgivnadene sine. Ein hentar fram gamle konservative verdiar om nasjon, vald og ære.

Desse verdiane er ikkje svaret på dei utfordringane vi står framfor no. Desse verdiane er ein urein arv frå ein verd som ikkje finst lenger, om ein ikkje bur i land som Russland, Afghanistan, Algeria, Iran eller Dei sameinte arabiske emirata. Du veit, sånne land vi ikkje likar å samanlikne oss sjølv med. Det er land der individet ikkje er verdt noko. Individa er kjøttvekt i valdsmonopolet til herskaren i nasjonalismens namn. Korfor søker delar av høgresida seg til dette no?

Det norske samfunnet har ein fleire tusen år gamal tradisjon for å bygge velstand på naturressursar, økonomisk, sosial og kulturell openheit. Korfor skal vi kaste desse verdiane på havet, berre fordi sjøen er litt meir uroleg enn vanleg?

Det som skjer rundt oss no krev at vi gjer ting på litt andre måtar, har nokon andre strategiar. Dei krev ikkje at vi skal ha andre verdiar. Vi må vere villige til å ta grep som kan vere ubehagelege eller vanskelege, men vi kan ikkje miste den sosiale og kulturelle jamstillinga, demokratiet, ytringsfridomen, teknologioptimismen eller framtidsoptimismen vår.

Og det er her Liberaleren står etter 25 år. Som det einaste liberale tidsskriftet i Noreg. Eg ønsker meg at Liberaleren skal vorte samlingsstaden for den liberale høgresida, uavhengig av kva parti ein røystar på, uavhengig av kva sosiale og kulturelle miljø ein høyrer heime i. Har ein tru på framtida, på demokrati, mangfald, marknader og individa, så høyrer ein heime på den liberale høgresida. Då er Liberaleren det einaste intellektuelle fellesskapet som har plass til alle med desse verdiane.

Til lukke med dei neste 25 åra Liberaleren!

Mest lest

Arrangementer