I går, fredag, vedtok den tyske Forbundsdagen å legalisere cannabis. Det blir lovleg å røyke cannabisprodukt i det offentlege rom. Ein kan ha opp til 25 g cannabis med seg i det offentlege rom, og opp til 50 g cannabis heime. Det er lagt bånd på omsettinga, som berre kan skje gjennom såkalla cannabis-klubbar. Vi veit frå USA og andre stadar at korleis omsettinga blir utforma har stor verkning på om ein klarar å få has på ulovleg kjøp og sal, og kva skatteinntektar ein får frå salet. Det kan verke som om tyskerane ikkje helt har blit samde om det enno.
Så får vi sjå korleis legaliseringa verkar på politikken i resten av Europa. Ein til er at små land som Malta og Luxemburg har legalisert, ein anna er at den største økonomien i Europa har gjort det. Ein får håpe fornuften brer om seg på resten av kontinentet no.
Land | Medisinsk | Dekriminalisert | Lovlig |
---|---|---|---|
Albania | X | ||
Andorra | |||
Aserbajdsjan | |||
Austerrike | |||
Belgia | |||
Bosnia-Herzegovina | |||
Bulgaria | |||
Danmark | X | ||
Estland | X | X | |
Finland | X | ||
Frankrike | X | ||
Georgia | |||
Guernsey | |||
Hellas | X | ||
Irland | X | ||
Island | |||
Isle of Man | |||
Italia | X | X | |
Jersey | |||
Kroatia | X | X | |
Kypros | X | ||
Kviterussland | |||
Latvia | |||
Liechtenstein | |||
Litauen | |||
Luxembourg | X | X | |
Malta | X | X | |
Moldova | X | ||
Monaco | |||
Montenegro | |||
Nederland | X | X | |
Nord-Makedonia | |||
Noreg | X | ||
Polen | X | ||
Portugal | X | X | |
Romania | X | ||
Russland | |||
San Marino | |||
Serbia | |||
Slovakia | |||
Slovenia | |||
Spania | X | X | |
Storbritannia | X | ||
Sveits | X | X | |
Sverige | X | ||
Tsjekkia | |||
Tyrkia | X | ||
Tyskland | X | X | |
Ukraina | X | ||
Ungarn | X | ||
Vatikanstaten | |||
Sum | 22 | 10 | 3 |