Dei siste åra har minst 48 menneske uriktig vorte sett i fengsel fordi NAV ikkje forstår sin eigne regler. Meir enn 4000 menneske med ruslidingar har uriktig vorte sett i fengsel fordi Politiet ikkje forstår sine eigne regler. Det var arbeidet til den frivillige organisasjonen Gatejuristen som avdekka bøtesoningsskandalen.
Ein annan frivillig organisasjon som har hjelpt over 3000 menneskje med å finne fram i saksbehandlingslabyrinten til styresmaktene er Stiftelsen Rettferd. Medlemmane deira er folk som ikkje har fått dei tenestene dei har krav på frå styresmaktene, enten det er på grunn av feil eller at styresmaktene ikkje har gidda å gjere det dei skal. Stiftelsen Rettferd er ein sikkerheitsventil i rettssamfunnet.
I fjor måtte generalsekretær Tor Berhard Slaathaug si opp saksbehandlarane i tenesta «Hjelp med NAV». Seinare skrev han til helse- og sosialkomiteen på Stortinget at han vurderte å «hente inn politiske rådgivere og brukererfaringskonsulent for å utarbeidenotater om hvordan offentlige oppreisningsordninger bør se ut, og hvordan folk som har utfordringer med fattigdom i Norge skal få hjelp» som Stiftelsen Rettferd skriv i eit høringsinnlegg til statsbudsjettet.
I år har det vist seg at Støre-regjeringa heller ikkje vil at Stiftelsen Rettferd skal hjelpe folk å finne fram i systemet. Det er betre at dei skal halde konferansar der folk får snakke om kor ille det er å stå på utsida av samfunnet fordi samfunnet ikkje har stilt opp slik dei hadde krav på utgangspunktet.
Det var Solberg-regjeringa som satt i gang ein evaluering av tilskotsordninga Frivillig arbeid mot fattigdom og sosial ekskludering. Ein evaluering av ordninga frå 2019 slår fast at «det er liten tvil om at disse målene nås».
Endringane som vart gjort i etterkant har nå fjerna alt arbeidet mot fattigdom og utanforskap. Organisasjonane som får støtte frå tiltaket må gå å banke på dører for å fortelje kor ille medlemmane deira har det. Skal dei få støtte til drift at hjelpetiltak, må dei lobbe byråkratar og politikarar til å sørge for at dei får øyremerka midlar på statsbudsjettet. Det er ein lang prosess som berre store organisasjonar med velfylte budsjetter til lobbyarbeid får til. Dei får ikkje nytte støtta til å rettleie om kva rettar folk har i møte med NAV og andre offentlege verksemder.
No står vi igjen med at organisasjonar som Stiftelsen Rettferd, som gjer arbeid som faktisk reduserer fattigdom og utanforskap, må legge ned den delen av verksemda som gjer verda til enkeltpersonar litt betre. Samstundes som vi oppdagar stadig nye rettssikkerheitsskandalar hos styresmaktene. Dette er ikkje ein god trend for folk som vil halde staten til ansvar, og det skjer under ei Arbeiderparti-leia regjering.