Kommentar

Måling til besvær

I mai kunne NRK melde at SSB ønsker å samle inn kassalappar frå COOP, Norgesgruppen og REMA og at kassalappane skal koplast til korttransaksjonar slik at dei kan lage seg eit bilete av forbruket til kvar enkelt hushald. Alle dei tre matvaregigantane og NETS protesterte, men no har SSB kome fram til at deira kost-nytte vurdering veger tyngre enn omsynet til personvern og dei verksemdene som må levere frå seg all denne informasjonen. Datatilsynet er framleis skeptisk til avgjerda, men seier dei skal halde nøye oppsyn med prosjektet framover.

SSB seier sjølv at personvern er den viktigaste kostnaden, og formålet med innsamlinga gjer god grunn til uro. Det skal betre forbruksstatistikken for norske hushald, og det har dei halde på med lenge. Men dei skal nytte det for ny kosthaldsstatistikk og undersøke om dei kan nytte informasonen til å lage statistikk om bruk av private helsetenester, som det ikkje er openbart at er naudsynt.

Vi lever i et samfunn som er driven på tal. Økonomi og statistikk er vitskapar som styrar samfunnsvala vi gjer. Legg merke til korleis politikarane slår kvarande i hovudet med talbaserte argument, ikkje politiske argument, når dei er på Politisk kvarter, Debatten og Dagsnytt 18. Eg kjem nok til å skrive meir om dette paradigmeskiftet som skjedde for rundt 40 år sidan.

SSB sin kost-nytte vurdering svarar ikkje på det viktigaste spørsmålet. Korfor skal vi kvantifisere desse tinga? Kva nytte har SSB og samfunnet av det? Vi har nemleg kome dit at vi målar noko, berre fordi vi kan. Og i vår digitale verd er det mykje vi kan måle. Forskarar som Alain Desrosières og Ian Hacking har vist at kva vi målar kjapt formar kva vi ser på som eit politisk problem. USAs frenetiske innsamling av informasjon om rase i alle tidige og utidige samanhengar er eit døme på dette. For om USA er eit post-rasistisk samfunn, kva skal dei med alle desse tala om kven som er kva? Kva tal vi samlar inn og måler formar korleis vi forstår verkelegheita vår.

Vi menneskjer legger stadig igjen meir data, som både er dyrt å lagre og analysere. Jo meir vi lagrar, jo enklare blir det å kople «statistisk» data til enkeltmenneskjer. Både bedrifter og myndheitene sel data om oss til andre. Og vi VEIT at det kan nyttas til å spore enkeltpersonar og rekonstruere livet deira. Når eg veit korleis historikarar kan rekonstruere livet til folk via skattelister, adresselister, og anna informasjon vi etterlet oss, kva kan då historikarar i 2120 finne ut om mitt liv? Vi har ennå til gode å ta den store diskusjonen om data, for kven eig den eigentleg? Kven skal ha rett til å nytta seg av den? Til kva kan den nyttast? Og stoler vi eigentleg på at styresmaktene og verksemder ikkje misbrukar han?

Og da står eg tilbake med spørsmåla SSB ikkje har svart på i sin kost-nytte vurdering. Så kva skal SSB med denne informasjonen? Kva samfunnsnytte har han?

Mest lest

Arrangementer