Kommentar

USA forsøplar havet

NASA skal gravleggja den internasjonalen romstasjonen i Stillehavet melder TU. Me har ein lang tradisjon for å dumpa ting i havet, inkluderte bererakettar og avgåtte materiale. I hundreår har menneske tenkt at det har vore greitt å dumpa ting i havet. Då forsvinn dei. Ute av syne, ute av sinn.

Den internasjonale romstasjonen sett fra Challenger i september 2009. Foto: NASAs Marshall Space Flight Center.
Den internasjonale romstasjonen sett fra Challenger i september 2009. Foto: NASAs Marshall Space Flight Center.

Samtidig får me stendig meir forsking om konsekvensane av alt me har dumpa i sjøen over fleire hundre år. Mikroplast og tungmetall er funne i organismar på dei djupaste djupa i havet. Søppel vert samla i store plastflòtar i havvirvlane. Det var visst ikkje ute av syne likevel.

Nå som me står på terskelen til kommersiell romfart, bør me byrja å stilla krav til opphenting og attvinning av materiale som vert ned krasja i havet. Det må då vera masse verdifulle metall og andre materiale som kan gjenvinnast frå den internasjonalen romstasjonen?

Et kart over Stillehavet hvor det er markert i et punkt midt i.
Point Nemo ligger i Stillehavet, så langt fra land det er mulig å komme i alle retninger. Det er her NASA ønsker å dumpe den internasjonale romstasjonen når den skal tas ut av drift. Illustrasjon: National Oceanic and Atmospheric Administration.

Forsøplinga frå romprogamma treng ikkje lenger vera ein økonomisk utgift som ingen har ansvaret for. Opphenting og attvinning bør vera ein del av kostnadane som takast med i desse romprogramma i utgangspunktet. SpaceX har klårt å byggja inn ombruk i program sitt. Det er ingen grunn til at NASA skal sleppa unna.

Mest lest

Arrangementer