I dag er det eitt år sidan Donald Trump tapte valet i USA. Allereie før valet hadde han snakka om at heile valet var organisert slik at han kom til å tape og at heile greia var fusk. Strengt tatt hadde han også sagt at det forrige valget, som han vant, var fusk. Men vi skal la det liggje. No skal vi ta for oss valet i 2020, som han tapte.
Alt i alt har Trump og hans allierte har sett i gong nærmare 60 søksmål om gjennomføring av valet eller valresultatet. Dei to siste av desse søksmåla blei forkasta av høgsterett 8. mars 2021. Det eine søksmålet var mot delstaten Wisconsin. Trump hevda at delstaten hadde tillaten ulovlege reglar for førehandsrøysting. Det andre søksmålet som blei avvist av høgsterett var søksmålet frå advokaten Lin Wood mot fleire tillitsvalde som har ansvar for val i Georgia, inkludert delstaten sin innanriksminister Brad Raffensberger. Målet med søksmålet var å få stansa ei avgjerd om korleis veljarar som stemmer via post dokumentere identiteten sin.
Til denne artikkelen har eg klart å grave opp 56 søksmål, sjølv om
Stad | Konklusjon | Partane | Tema |
NV | Avtale inngått | Kraus v. Cegavske | Stoppe teljing til «meiningsfull observasjon» var tillaten. |
AZ | Avvist | Burk v. Ducey | Omstøyte stadfestinga av valet i AZ |
AZ | Avvist | Bowyer v. Ducey | Omstøyte stadfestinga av valet i AZ |
AZ | Avvist | Ward v. Jackson | Forhindre AZ frå å stadfeste valet. |
AZ | Avvist | Arizona Republican Party v. Fontes | Utvide ettersjekkinga av røystinga. |
AZ | Avvist | Aguilera v. Fontes | Veljar hevdar stemma ikkje blei telt, systemet viste at stemma var telt og ho fekk derfor ikkje stemme igjen. |
DC | Avvist | Wisconsin Voters Alliance v. Pence | Påleggje Pence å avvise valet frå fem delstatar. |
GA | Avvist | Trump v. Kemp | Forhindre GA frå å stadfeste valet. |
GA | Avvist | Trump v. Raffensperger | Avvise valet på bakgrunn av valfusk. |
GA | Avvist | Boland v. Raffensperger | Avvise valet på bakgrunn av valfusk. |
GA | Avvist | Pearson v. Kemp | Omstøyte stadfestinga av valet i PA fordi Dominion hadde tukla med stemmemaskinene til fordel for Biden. |
GA | Avvist | Wood v. Raffensperger | Underkjenne valet i GA slik at delstatsforsamlinga kunne peike ut valmenn. |
MI | Avvist | Jensen v. Simon | Avvise valet i tre valdistrikt på bakgrunn av valfusk. |
MI | Avvist | Johnson v. Benson | Skilje ut røystesetlar og utsetje stadfesting av valet. |
MI | Avvist | Costantino v. Detroit | Revisjon av valet, forby stadfesting av valet, ny val og nytt krav om å revidere valet. |
MI | Avvist | Donald J. Trump for President, Inc. v. Benson | Stoppe teljing av førehandsrøystar. |
MI | Avvist | Stoddard v. City Election Commission | Stoppe teljing av førehandsrøystar i Detroit. |
MN | Avvist | Kistner v. Simon | Utsetje stadfestinga av valet i MN |
NV | Avvist | Rodimer v. Gloria | Be om ny val på grunn av feil med stemmemaskinene som blei brukt til å telje poststemmer. |
NV | Avvist | Law v. Whitmer | Avvise valet på bakgrunn av valfusk med signaturgjenkjenningsmaskiner. |
NV | Avvist | Marchant v. Gloria | Omval på bakgrunn av feil med teljemaskinene som blei brukt for å telje poststemmer. |
NV | Avvist | Becker v. Gloria | Omval på bakgrunn av feil med teljemaskinene som blei brukt for å telje poststemmer. |
PA | Avvist | Metcalfe v. Wolf | Omstøyte stadfestinga av valet i PA |
PA | Avvist | Kelly v. Pennsylvania | Ekskludere poststemmer, alternativt be delstatsforsamlinga om å peike ut valmenn. |
PA | Avvist | Anke frå Donald J. Trump for President | Anke om å omstøyte teljing av 8000 stemmer i Philadelphia. |
PA | Avvist | Donald J. Trump for President, Inc. v. Boockvar | Avvise valet i «demokratisk dominerte valdistrikt» på grunn av manglande sikring mot fusk. |
PA | Avvist | Anke frå Donald J. Trump for President | Anke for å stoppe teljing av poststemmer. |
PA | Avvist | Donald J. Trump for President, Inc. v. Philadelphia County Board of Elections | Stoppe teljing til republikanske observatørar er tilstades. |
TX | Avvist | Gohmert v. Pence | Påleggje Pence å stadfeste valet delstat for delstat. |
TX | Avvist | Texas v. Pennsylvania | TX bad om at valet i PA, WI, GA og MI skulle underkjennast. |
WI | Avvist | Leaf v. Whitmer | Veljarar bad om stemmemaskiner og data skulle bevarast for framtidig ettersjekking. |
WI | Avvist | Trump v. Wisconsin Elections Commission | Avvise valet på bakgrunn av valfusk. |
WI | Avvist | Feehan v. Wisconsin Elections Commission | Avvise valet på bakgrunn av valfusk. |
WI | Avvist | Trump v. Evers | Avvise ei mengd førehandsrøystar. |
WI | Avvist | Mueller v. Wisconsin Elections Commission | Forhindre WI frå å stadfeste valet. |
WI | Avvist | Wisconsin Voters Alliance v. Wisconsin Elections Commission | Underkjenne valet i WI slik at delstatsforsamlinga kunne peike ut valmenn. |
WI | Avvist | Trump v. Biden | Avvise valet på bakgrunn av valfusk, telje på nytt i to kommunar. |
AZ | Avvist med rettskraft | Donald J. Trump for President, Inc. v. Hobbs | Stemmer skrive med Sharpie-pen blei ikkje telt. |
GA | Avvist med rettskraft | Wood v. Raffensperger | Ekskludere førehandsrøystar frå teljinga. |
MI | Avvist med rettskraft | Kistner v. Simon | Avvise valet på bakgrunn av førehandsrøystar og deretter ettersjekke røystinga. |
WI | Avvist, i tillegg ble saksøkjer sine advokatar straffet | King v. Whitmer | Avvise valet på bakgrunn av valfusk, halde ny val innan sertifiseringsfristen. |
PA | Dom i saksøktes favør | Ziccarelli v. Allegheny County Board of Elections | Ekskludere visse stemmer frå teljinga. |
PA | Dom i saksøktes favør | Donald J. Trump for President, Inc. v. Bucks County Board of Elections | Ekskludere visse stemmer frå teljinga. |
PA | Innvilget | Donald J. Trump for President, Inc. v. Boockvar | Veljarar som har stemt utan å oppfylle identifikasjonskrav skal ikkje få tre ekstra dagar til å vise riktig identifikasjon. |
AZ | Trekt | Stevenson v. Ducey | Omstøyte stadfestinga av valet i AZ |
AZ | Trekt | Aguilera v. Fontes | Stemmer skrive med Sharpie-pen blei ikkje telt. |
GA | Trekt | Still v. Raffensperger | Omstøyte stadfestinga av valet i GAV. |
GA | Trekt | Brooks v. Mahoney | Avvise valet i åtte valdistrikt på bakgrunn av valfusk. |
MI | Trekt | Johnson v. Benson | Avvise valet på bakgrunn av valfusk. |
MI | Trekt | Donald J. Trump for President, Inc. v. Benson | Ekskludere falske stemmer frå valet i eitt valdistrikt. |
MI | Trekt | Bally v. Whitmer | Avvise valet i tre valdistrikt på bakgrunn av valfusk. |
NM | Trekt | Donald J. Trump for President, Inc. v. Toulouse Oliver | Utsetje stadfestinga av valet i NM i påvente av ei etterforsking av om rettsgrunnlaget av stemmeinnleveringsstader og ettersjekke førehandsrøystar. |
NV | Trekt | Stokke v. Cegavske | Stoppe teljing på grunn av feil med stemmemaskinene. |
PA | Trekt | Pirkle v. Wolf | Avvise valet i fire valdistrikt på bakgrunn av valfusk |
PA | Trekt | Anke frå Northhampton County Republican Comittee | Stoppe valstyret frå å publisere identiteten til veljarar som hadde fått avvist stemma si. |
WI | Trekt | Langenhorst v. Pecore | Avvise valet i tre valdistrikt på bakgrunn av valfusk. |
I fleire delstatar har stemmene blitt telt på nytt, fleire gonger. Stemmene har også blitt revidert av tredje part.
I vekene og månadene etter valet var det fleire av lesarane våre som sa dei var usikre på valresultatet. Det er forståeleg. Dei færraste har tid og høve til å følgje med på nyhenda og sortere stormangrepet som Trump og tilhengjarane hans gjorde på sanningane frå dei faktiske hendingane. Det er rimeleg. Denne propagandastraumen var i realiteten eit angrep på det amerikanske demokratiet.
Det er ein grunn til at dei fleste advokatane som har vore involvert i desse sakene fått irettesetjingar frå domstolen fordi dei har kome med påstandar om valfusk som ikkje kan dokumenterast. Ein dommar skreiv at saksøkjer sine advokatar måtte lære å skilje mellom krava til å prosedere ei sak i rettsalen, til forskjell frå krava som blir stilt til å prosedere ei sak på kveldsnyhenda.
Ni advokatar som freista å få omstøytt valresultatet i Michigan har blitt dømt til å ta juridisk etterutdanning og å betale kostnadene Detroit og Michigan har hatt i samband med søksmålet. Ein av advokatane til Trump har mist advokatbevilling i New York og fleire delstatar vurderer bevillinga til advokatar som har representert Trump. Dei fleste har trekt seg i etterkant.
Trump-kampanjen, fleire av advokatane og eit par Trump-surrogat har også blitt saksøkte av Dominion, som er stemmemaskinselskapet dei påstår har levert stemmemaskiner som skal ha gitt Biden ekstra stemmer. I dag kom nyhende om at ein valtillitsvalt òg har saksøkt fleire av dei som har stilt spørsmål ved valet, for at dei har øydelagt ryktet hans.
Angrepet på det amerikanske demokratiet blei avverja i denne omgangen, men systemet er kanskje enda meir sårbart framfor neste val. Ingen av partia klarer å stable på beina ein stabil fleirtalskoalisjon av veljarar, veljarane er framleis politisk og geografisk polarisert og Kongressen er for alle praktiske formål framleis ikkje i stand til å handtere oppgåvene dei har fått i grunnlova. Sist gong dette skjedde i amerikansk historie, tok det 30 år å få på plass ein ny, stabil fleirtalskoalisjon av veljarar bak eitt av partia. Vi tel litt over 20 år så langt denne gongen. Vi som er tilhengjarar av liberale demokrati har ingen grunn til å søkkje skuldrene over USA si framtid.