Kommentar

Me ville ha vore fattigare om den grøne revolusjonen kom ti år for seint

Agronomen Norman Borlaug fikk Nobels fredspris for å sørget for at en milliard mennesker fikk noe å spise. Foto: Ben Zinner, USAID.
Agronomen Norman Borlaug fikk Nobels fredspris for å sørget for at en milliard mennesker fikk noe å spise. Foto: Ben Zinner, USAID.

Mellom 70 og 100 millionar menneskjer døydde av svolt i det tjuande hundreåret. Talet kunne ha vore mykje høgre om det ikkje var for Norman Borlaug. I 1970 fekk den amerikanske agronomen Nobels fredspris for å ha fødd ein milliard menneskjer, som annars ville ha svalt om ikkje Borlaug hadde satt i gang den tredje landbruksrevolusjonen som ofte blir kalla den grøne revolusjonen.

No har forskarane Douglas Gollin, Casper Worm Hansen og Asger Wingender rekna ut at dersom den grøne revolusjonen hadde blitt satt i gang ti år seinare, ville det ha kosta oss dyrt. Det ville ha vore 223 millionar fleire menneskjer på jorda, fordi me får fleire barn når me er fattigare. Det samla produktivitetstapet ville i 2010 ha vore 83 billionar. Det er like mykje som verda produserte i 2018.

Der ikkje ofte me får god informasjon om kostnadane på seindrektigheit på å ta i bruk nyskapingar. Kor mange menneskjeliv går tapt mellom ein ny medisin er tilgjengeleg for bruk og tidspunktet Legemiddeltilsynet godkjenner medisinen til dømes?

Gollin, Douglas, Hansen, Casper Worm, and Wingender, Asger. «Two Blades of Grass: The Impact of the Green Revolution.» The Journal of Political Economy, 2021, The Journal of Political Economy, 2021-03-24.

Mest lest

Arrangementer