Er du tilsett i privat sektor? Du veit kanskje ikkje om det, men du fekk kontroll på din eigen pensjonssparing i dag!
Fram til i dag var du nøyd til å ha pensjonskapitalbevisa dine der arbeidsgjevaren din hadde kjøpt obligatorisk tenestepensjonssparingstenester. No kan du opprette ein pensjonskonto kor du vil og be om at pensjonskapitalbevisa dine overførast til der du vel. Det er ikkje berre de gamle pensjonskapitalbevisa du kan gjere dette med. Du kan og gjere det med den obligatoriske tenestepensjonssparing på din noverande jobb.
I året som har gått har det vore mykje skriving om at arbeidsgjevarar kjøper dei tenestene som banken anbefaler. Banken vil sjølvsagt sele dei pensjonsteneste dei tenar mest på. Dermed blir de ofte forvalta fond, i staden for indeksfond. Dei forvalta fonda har høgare administrasjonskostnader, for nokon skal betale løna til dei som sitt å vel investeringsobjekta. Men vi vet òg at dei forvalta fonda ikkje kan slå indeksfonda over tid. Pensjonssparing er over tid.
Dette gjer deg støre valfridom. Arbeidsgjevaren min hadde kjøpt pensjonssparing der eg kunne vele mellom tre investeringsprofilar, men eg kunne ikkje vele kor pengane vart investert. Så i dag har eg bedt finansselskapa arbeidsgjevarane mine har vald om å overføre pensjonssparinga mi til ein tenesteleverandør eg har vald, kor eg har store valmoglegheiter. Det borde du òg tenkje på å gjera. Eg trur du bryr deg litt meir om kva du sitt igjen med på pensjonsdagen enn kva arbeidsgjevaren din gjer.