Den første veka i oktober er starten på det politiske året med trontaledebatt og nytt statsbudsjett. 2021 blir eit nytt, dyrt år med høgreregjering om ein skal lese solemerke. Solberg lagar budsjett etter Granavollen-erklæringa, medan FrP insisterer på at Granavollen-erklæringa er avliden. Samtidig går dei etter forhandlingssigrane til Venstre og KrF. Det kommer til å koste dyrt å få dei tre gamle regjeringspartnarane til å samla seg om eit nytt budsjett.
Regjeringa legger vekt på at dei følgjer handlingsregelen og at den har blitt justert ned. Fleire økonomar har sagt at dei er positivt overraska over at regjeringa forsøker å legge lista under handlingsregelen, men vi veit ennå ikkje om dei får det til. For det fyrste har dei lagt opp til ei vekst i fastlands-BNP på 4,4 prosent, medan SSB opererer med ein prognose på 3,6 prosent. Om SSB har rett og regjeringa tek feil, er forbruket lagt for høgt til å få ein nedgang. Og det er altså før regjeringa forsøk å få de tre Granavolden-partnerne til eines om eit statsbudsjett.