Ukategorisert

10 år: «Desse folka er klin sprø!»

04.juni fyller Liberaleren 10 år. I tiden frem mot selve fødselsdagen vil vi bringe gratulasjoner fra venner og uvenner, konkurrenter og fiender. Dagens gratulasjon kommer fra bloggeren som også er landsstyremedlem i og stortingskandidat for De Grønne, Øyvind Strømmen.


strc3b8mmen Som grøn venstreliberalar liker eg å seia at sosialistane har lært meg å vera skeptisk til marknadskreftene, medan liberalistane har lært megå vera skeptisk til statsmakta. Difor er eg også ein kritisk, men jamnleg lesar av Liberaleren.

No skal eg vedgå at eg i blant tenkjer «Desse folka er klin sprø!» når eg les, men ofte finn eg gode innfallsvinklar og gode poeng. Ikkje sjeldan må eg sjølv når eg er ueinig vedgå at Liberaleren legg fram vektige argument for sitt syn. Det same kan ikkje akkurat seiast om alt eg ser av politisk debatt på nettet. Liberaleren.no er eit friskt pust.

Eg har også sett stor pris på Liberaleren sitt arbeid mot datalagringsdirektivet og den konsekvente ståstaden for ein langt meir liberal innvandringspolitikk. Og eg er definitivt av dei som liker å sjå den tredje strofa av Internasjonalen sitert, om det no berre erfor å terga SV-arar. Om eg skulle koma med noko ynskje for dei neste ti åra måtte det vera at Liberaleren i større grad også skreiv om det økonomiske livet bortanfor aksen stat-marknad, og at nettavisa oftare tok tak i korleis marknadskreftene til tider representerer trugsmål mot enkeltmenneska sin fridom.

Øyvind Strømmens blogg.

Mest lest

Arrangementer